Oppstart av arbeid med lokal kulturminneplan

Herøy gard - hovudhuset (Herøy kommune) - Klikk for stort bilete
Kjenner du til verdifulle kulturminne som bør vere med i planen? Då vil vi gjerne høyre frå deg.

I samsvar med §§ 11-12 og 11-13 i plan- og bygningslova har Kommunestyret 09.03.2017 vedteke å starte opp arbeid med utarbeiding av ein kulturminneplan for kulturminne av lokal verdi i Herøy. Ein har samstundes vedteke å leggje ut forslag til planprogram til offentleg ettersyn. 

Planprogram skal vere eit verktøy for å sikre tidleg medverknad og avklaring av viktige omsyn som må takast i planarbeidet. Planprogrammet skal angi føremål med planarbeidet, peike på viktige problemstillingar, behov for utgreiingar og skildre korleis planarbeidet er tenkt gjennomført.

Dette er saksa frå Riksantikvaren si heimeside: «Ein kulturminneplan gir kunnskap om fortida og avklarar kva kulturminne ein vil ta vare på i framtida. Med bakgrunn i ei oversikt over viktige kulturminne og kulturmiljø, utarbeider kommunen ein plan forvaltninga av desse. Kommunane definerer sjølv kva kulturminne som er verneverdige og som skal inngå i kulturminneplanen».

Interesserte vert bedne om å kome med innspel og synspunkt til planprogram gjennom offentleg ettersyn før det vert fastsett av formannskapet. Etter at det endelege planprogrammet er fastsett skal arbeidet med kommunedelplan for kulturminne av lokal verdi gjennomførast.

Møre og Romsdal fylkeskommune har allereie utarbeidd ein regional kulturminneplan. Denne dekkjer kulturminne av nasjonal og regional verdi i kommunane i Møre og Romsdal. Du kan lese den her (PDF, 5 MB).

Fylket si liste over kulturminne av nasjonal og regional verdi kan du sjå her (PDF, 684 kB).

Det vil bli gjennomført orienteringsmøte og bygdemøter (vert annonsert) og ein vonar å få inn mange innspel til aktuelle lokale kulturminne. Vi ynskjer å spele på lag med privatpersonar, lag/organisasjonar, næringsliv m.fl. for å få til ein best mogleg plan.

Frist for innspel til sjølve planprogrammet er 28.04.2017. Innspel til planen om aktuelle kulturminne vert tatt imot fortløpande gjennom heile prosessen. Det vil bli utarbeidd eit eige registreringsskjema. Ein tek sikte på å gjennomføre planarbeidet i løpet av året. 

Skriftlege innspel skal sendast til

Herøy kommune,

PB 274, 6099 Fosnavåg

eller pr. epost til postmottak@heroy.kommune.no innan fristen

Vi oppmodar om å nytte elektronisk svarskjema som de finn her.

 

 

Publisert av Tanja Rafteseth. Sist endra 17.03.2017
Fann du det du leita etter?
Skjema (1)
Login for redigering