Pårørande til bebuarar i sjukeheim er godt nøgde med tilbodet

vinterstemning.jpg - Klikk for stort bilete

Herøy kjem betre ut enn landssnittet, på kartlegging av opplevd kvalitet i sjukeheim.

Resultat frå brukarrepresentantkartlegginga våren 2017, for institusjonstenester (sjukeheim) i Herøy kommune er klar. I denne kartlegginga er det næraste pårørande som har svart på vegne av bebuaren på institusjon. Svarresponsen var 41%. Herøy kommune kjem totalt sett betre ut enn landssnittet. Kartlegginga viser at kvaliteten i teneste i hovudsak vert opplevd som bra. Likevel kjem det fram at vi har forbetringsbehov.

Som følgje av det har Herøy kommune har meldt seg på KS sitt læringsnettverk for heilskaplege pasientforløp. Vi har satt ned eit eige forbetringsteam, som skal ha den raude tråden i forbetringsarbeidet. Arbeidet er forankra hos kommunalsjef, som har delteke i arbeidet. Arbeidet i læringsnettverket skal gå over 18 månader. Arbeidet skal rullast ut til heile sektoren.

I tillegg har Herøy kommune har meldt seg på velferdsteknologiens ABC. Vi har satt ned ei tverrfagleg gruppe på tvers i sektoren, som skal arbeide med strategi, systematisk bruk av teknologi m.m i tenestene. Leiaren i forbetringsteamet i læringsnettverket, er også med i den tverrfaglege gruppa, slik at vi har eit bindeledd mellom to utviklingsgrupper. Arbeidet skal rullast ut til heile sektoren.

Vi har også som mål å ta ei revidering av standarderklæringane på helse og omsorgstenester. Dei vi har i dag er handsama av kommunestyret for ein del år sidan. Vi tek sikte på ei ny vurdering/revidering av desse.

Kommunalsjefen i Helse og omsorg takkar dei som har svart på kartlegginga.

 

 

Publisert av Gro Anette Frøystad Voldsund. Sist endra 05.12.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering