Psykiatriskulen i Herøy hadde fagdag med Tom Barth

Tom Barth.JPG - Klikk for stort bilete

Med 75 påmelde fra helse- og sosialfagleg sektor frå dei fleste kommunene i sjustjerna-samarbeidet og Volda DPS, heldt Tom Barth ei flott og inspirerande innføring i samtaleteknikken motiverande intervju (MI).

Kurset vart arrangert i Herøy Frikyrkje fredag 12.05.17, og det var Psykiatriskulen i Herøy med primus motor kommunepsykolog, Ivar Ørstavik, som var arrangør. 

MI er ein samtaleteknikk, ein profesjonell samtale, om indre motivasjon til endring hos menneske.
Dette i tilfelle der personen sjølv er usikre på kva han/ho skal bestemme seg for.
MI byggjer på eit sett haldningar og verdiar som legg vekt på ei respektfull tilnærming, eit fungerande samarbeid mellom mottakar og hjelpar, og ei erkjenning av at endringsarbeid oftast er tent med ei støttande og empatisk atmosfære. 
 
MI vart tidlegare mest brukt i arbeid med rusmiddelbruk. Etter kvart har denne metoden også vorte vanleg i alle formar for rehabiliteringsarbeid, førebyggjande arbeid og korte helsefremjande intervensjonar. 
Tom Barth er utdanna psykolog og spesialist i klinisk psykologi og har spesiell kompetanse og godkjent internasjonal trenar (MINT). Han har også gitt ut boka Endringsfokusert Rådgivning (MI) og gir kurs og opplæringstilbod i Noreg, Sverige og Danmark. 
 
- Vi takkar Psykiatriskulen for ein fin, lærerik og inspirerande dag, kommenterer Svanhild Rise som er seksjonsleiar for psykisk helse i Herøy kommune.
 
Publisert av Iselin Øvrelid. Sist endra 15.05.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering