Regnbueløve kom til Myrsnipa barnehage!

Her har Røsslyng funne Regnbueløva - Klikk for stort bileteHer har Røsslyng funne Regnbueløva

Regnbueløva har reist heilt ifrå Kalahariørkenen, og ho kom til Myrsnipa barnehage, til både Blåklokka, Røsslyng og Kvitveis. Regnbueløva hadde sendt brev til alle borna, og fortalt at ho var på veg og ville kome på måndag  6.februar.

 

Måndag morgon hadde det dukka opp nokre spor som viste veg opp i skogen vår, og  alle måtte opp i skogen og leite.

Og tenk!  Der sat ho med kofferten sin, og ville flytte inn til oss!
 

Opp i kofferten var også Løvelova, som vi helde på å lære oss. Den blir viktig for oss framover, og Regnbueløva skal hjelpe oss å «leve etter den». Løva har fått seg ei hole å bu i, som borna har vore med å planlagt, mala eller bygd.

løva.png - Klikk for stort bilete

 

 

 

Løvelova:

Kan du løveloven?                         Ser du en som plages?
Jeg skal være meg,                        Det er ikke bra!
men gi plass til andre,                    Alle må stå sammen

slik at de blir seg,                            om å si i fra!
bry meg om en annan,                    Alle barn på jorden
hjelpe når jeg kan.                          Har den samme rett
Slik blir livet bedre                          til å være trygge
for barn i alle land!                          og til å være sett.                  


                                                       tekst/melodi: Eyvind Skeie

 

Regnbueløva skal vere eit samtaleverkty. Den kan vi bruke om «vi ikkje klare heilt å gje plass til ein annan», om nokon blir lei seg, sint eller kjenner på andre kjensler.
Kva gjer du om du ser ein som blir plaga?
Viktig å reflektere ilag med borna. Korleis kjenne du deg om nokon plagar deg?
Regnbueløva vil vere med i eit haldningsskapande arbeid mot gode verdiar og støttande vaksne i eit sosialt samspel barn-barn og barn-vaksen.
Vi vaksne har ansvar for relasjonen til barnet, og vi jobbar med å etablere god standard for åtferd hjå barnet.

Løva skal også få vere med på tur, så ho får sjå kva vi gjer gjennom ein barnehagedag. Då er ho alltid med om vi skulle trenge ho.

 

 

Mathias har funne eit spor Her har Blåklokka funne Regnbueløva Her har Røsslyng funne Regnbueløva på jakt etter Regnbueløva Her har Kvitveis funne Regnbueløva Her les Kari-Anne brevet frå Regnbueløva Regnbueløva : Vanessa og Jakob spør Regnbueløva om ho vil sjå regnbogen dei har mala på vindauget

 

 

I personalgruppa jobbar vi med kollegarettleiing, der speglingsteori og perspektivtaking er viktige element. Når vi speglar oss i andre, ser vi oss slik  vi ønskjer å vere?  – eller er det noko vi må endre i vår veremåte? Verdiar og haldningar blir sett i søkjelyset. Ser vi saker frå vårt eige perspektiv, frå barnet sitt perspektiv eller frå foreldra sitt perspektiv?
Vi har stort fokus på at det heile tida skal vere ein fagleg samtale i barnehagen, både for å heve den enkelte sin kompetanse og for å auke personalet si bevisstheit og meistring.

Det «intersubjektive rommet» er eit viktig omgrep i dette kompetanseløftet. I det intersubjektive rommet møtes to subjekter på ein likeverdig måte. Den eine blir ikkje gjort til eit objekt av den andre. Barnet sin medverknad inneber at barnet skal oppleve seg som eit subjekt på ein god måte, og at barnehagen sitt læringsmiljø skal vere prega av vilje til å gje barnet plass. Når den varme relasjonen skal etablerast mellom barnet og den autoritative vaksne, må barnet oppleve at det blir teke på alvor og blir gitt tid og plass til å utrykkje seg.
 

Være Sammen heiter dette kompetanseløftet. Personalet i Myrsnipa har jobba med teori og øvingar ei tid, og no skal opplegget ut i barnegruppene. Spennande!!


«Være Sammen» ser på barnehagen som ei viktig arena for barnet sin medverknad og modning, i konstruktivt samspel med varme og grensesettande vaksne i barnehagen og i positivt samverke med foreldre og andre i barnet sitt nærmiljø.

 

 invitasjon vennefest - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Desse 4 ulike  vaksenstilane gir barn ulike oppvekstvilkår. Regnbueløva er i det ønska området – der den autoritative vaksenstilen er. Det er der vi vaksne ( foreldre og personal) ønskjer å vere og det er der borna har det best – så det er berre til å øve, øve og øve!

Vi gler oss til vidare læring gjennom omsorg, leik og øving.

Publisert av Reidun Myrvågnes. Sist endra 17.02.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering