Rekneskapsresultat 2017

Ordførar Arnulf Goksøyr - Klikk for stort bilete

Herøy kommune fekk i 2017 eit positivt netto driftsresultat på om lag 9,5 mill kr.  Dette utgjer 1,47% av kommunens driftsinntekter.  Statlege måltal er eit netto driftsresultat på 1,75% av driftsinntektene.

Grunnen til resultatet er minst tredelt

  • Avdelingane leverte eit samla mindreforbruk på om lag 3,2 mill kr noko som syner at avdelingane og dei tilsette har god budsjettdisiplin.
  • Pensjonsavvik (kostnadane) vart om lag 5,2 mill kr
  • Finansinntektene vart om lag 1,9 mill kr betre enn budsjettert

Herøy kommune var offensive når skatte- og rammeinntektene vart budsjettert og vi fekk ein liten svikt i desse.  Likevel vart desse tala mykje betre enn det prognosene synte hausten 2017.

Når ein tek omsyn til avsetnadane og bruken av desse har Herøy kommune eit rekneskapsmessig mindreforbruk på 10,06 mill kr i 2017.   Eit slikt mindreforbruk er viktig for då kan kommunen styrke sine disposisjonsfond og vere mindre sårbar i framtida.

Eit anna positivt trekk med 2017 rekneskapen var at kommunen si langsiktige lånegjeld ikkje auka med meir enn om lag 0,5 mill kr.  Likevel er gjelda for høg (840,7 mill kr) og per 31.12. utgjorde den nær 130% av kommunen sine driftsinntekter.  Herøy kommune sine disposisjonsfond utgjorde om lag 39,6 mill kr per 31.12.2017

 

Publisert av Wenche Moltu. Sist endra 13.04.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering