Samferdselsutvalet går for Skarabakken

Skarabakken (arkiv) - Klikk for stort bilete

Samferdselsutvalet  i  Møre og Romsdal fylkeskommune har i dag handsama ny sak om Skarabakken.

Fylkesrådmannen rådde i si innstilling til at  den nye veglinja  i  Skarabakken vart  gjennomført og at kostnadsauka vart lagt inn i forslag til økonomiplana for 2018-2021. Samferdselsutvalet gav samrøystes sin tilslutnad til prosjektet og vedtak.

Vedtaket:

  1. Samferdselsutvalet støttar at Skarabakken vert bygd etter ny reguleringsplan med den kostnadsauke dette inneber.
  1. Samferdselsutvalet støttar at Fylkesrådmannen legg inn denne kostnadsauka i økonomiplana som vert vedteke på Fylkestinget i desember 2017.

 

Dette inneber at prosjektet er klart til utlysning i oktober i år. Med den framdrifta vil ein kunne ha oppstart i februar 2018 og med ferdigstilling av prosjektet i november 2018.

Publisert av Jarl Martin Møller. Sist endra 06.09.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering