Samlar inn brukte batteri

Fjerdeklasse ved Einedalen skule jobbar deltek i konkurransen Batterijakten, der oppdraget er å samle inn brukte batteri.  - Klikk for stort bileteFjerdeklasse ved Einedalen skule jobbar deltek i konkurransen Batterijakten, der oppdraget er å samle inn brukte batteri.

Heile 61 kilo med brukte batteri har fjerdeklasse ved Einedalen skule samla inn på berre ei veke. Dei deltek nemleg på den nasjonale konkurransen Batterijakten, og oppdraget er å samle inn brukte batteri. 

-Det er stort engasjement blant elevane, og nokre er også veldig ambisiøse når det kjem til kor mykje batteri vi skal klare å samle inn, fortel lærar for 4. klasse ved Einedalen skule, Frank Otto Kvalsvik, og legg til at det framleis er to veker igjen av aksjonen. 

-Målet er vel å klare like mykje som fyrste veka, 61 kilo, dei to siste vekene også.  
 

Overraskande mange batteri

 
Alle fjerdeklasser i Noreg har høve til å bli med på Batterijakten, og dermed fungere som miljøagentar. Elevane ved Einedalen skule har stått på i fyrste aksjonsveka, og fått samla inn brukte batteri gjennom å ta med det seg det dei har funne heime, spørje familie og vener, og ringe på hos naboar. 
 
-Eg trur at elevane har blitt litt overraska sjølve over den store menga med brukte batteri dei har fått inn. Batteria veg vi, og leverer dei deretter til miljøstasjonen for gjenvinning, forklarar Kvalsvik. 

 

Lære om gjenvinning

 
Batterijakten er ei konkurranse som gir alle fjerdeklassingar i Noreg sjansen til å lære meir om gjenvinning, å tenke kretsløp, samt korleis ein kan bli betre til å ta vare på ressursane på jorda. Det vankar premiar til dei klassene som har samla inn flest kilo batteri per elev. 
Publisert av Lillian Haddal. Sist endra 17.04.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering