Sei di meining om lege- og fysioterapitenesta

Brukarar i gang med trening hos fysioterapitenesta i Myrvåg. - Klikk for stort bileteBrukarar i gang med trening hos fysioterapitenesta i Myrvåg.

Fysioterapitenesta og legetenesta i Herøy kommune gjennomfører to separate spørjeundersøkingar der dei ønskjer brukarane sine tilbakemeldingar på tenestene.

Mellom 13. - 31.mars kan du seie di meining.

Herøy kommune har driftavtale med dei private fysioterapeutane, og ønskjer derfor å kartlegge denne tenesta saman med legetenesta.

- Målet med undersøkingane er å gi betre tenester til brukarane, seier Inger Marie Tofthagen som er leiar for barn, familie og helse.

I undersøkingane får brukarane spørsmål som blant anna går på tilgjengelegheit, informasjon, og på resultat av behandlinga.

- Vi ønskjer å kartleggje kva brukarane meiner om fysioterapitenesta og legetenesta i Herøy kommune. Brukarundersøkingane er to separate spørjeundersøkingar. Dette vil hjelpe oss å verte betre, avsluttar ho.

Her finn du elektronisk skjema for:

BRUKARUNDERSØKING LEGETENESTA

BRUKARUNDERSØKING FYSIOTERAPITENESTA.

Publisert av Iselin Øvrelid. Sist endra 23.03.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering