Står du i manntalet?

valgr.jpg - Klikk for stort bilete

No kan du kontrollere om du står i manntalet i Herøy kommune. Dersom du ikkje står i manntalet, kan du ikkje røyste på valdagen ved stortingsvalet måndag 11. september 2017.

valliten.jpg - Klikk for stort bilete

Du kan kontrollere om du står i manntalet i Herøy kommune i manntalslistene som ligg på Herøy rådhus, servicetorget.

Listene vert liggande ute f.o.m. 12.07.2017 og fram til valdagen.

Ved å ringe Herøy rådhus, servicetorget, tlf. 70081311, kan du få opplyst om du står i manntalet.

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalslistene som er lagt ut, eller det er andre feil i listene, kan du klage til valstyret. Klaga skal vere skriftleg og grunngjeven. Klaga må sendast snarast til:

Herøy valstyre, Postboks 274, 6099 Fosnavåg

Eller til: postmottak@heroy.kommune.no

 

 

 

Publisert av Iselin Øvrelid. Sist endra 12.07.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering