Steinbra samling

Her ser vi Sølvi Aud Eide, Hallvard Eide og Espen Bergø framfor litt av utstillinga på Rådhuset. - Klikk for stort bileteHer ser vi Sølvi Aud Eide, Hallvard Eide og Espen Bergø framfor litt av utstillinga på Rådhuset.

Geodataingeniør Espen Bergø frå utviklingsavdelinga i Herøy kommune fekk denne veka besøk av steinentusiast Hallvard Eide frå Sjøholt.

Tekst og foto: Thomas Teige Sporsheim

Hallvard og Espen i full gang med å gå gjennom registeret av steinar. - Klikk for stort bileteHallvard og Espen i full gang med å gå gjennom registeret av steinar.

Saman gjekk dei gjennom ei enorm samling med mykje unik stein frå Herøy. Steinprøvane vart organisert, fotografert og markert i kartet kvar dei vart funne. Samlinga er no på over 30 ulike spanande bergartar og mineralar som er henta rundt omkring i kommunen.

Geodataingeniør Bergø skal no lage ei kartløysing på nett der ein kan sjå kva område steinane er henta frå, med bilete og ein forklarande tekst på kva type bergart og mineral det er. Denne løysinga  og utstillinga skal vere klar neste veke.
Utstillinga skal stillast i to eksemplar, eit på rådhuset og eit på Thon Hotel Fosnavåg. Utstillinga og kartløysninga er ein del av eit geoturismeprosjekt der ein skal visa fram kva flotte bergartar og mineralar vi har i kommunen.

- Unik geologi

Steinentusiast Hallvard Eide har halde på med eigen samling av stein i over 40 år, og Herøy kommune er særs takksam for at han har donert til oss ein del av denne samlinga som er frå Herøy.

Ein smak av utstillinga. - Klikk for stort bileteEin smak av utstillinga.



- Prosjekt Herøy fullført. Samlinga er no i gode hender med geolog Espen & co med registrering, fotografi og systematisering av utstilling i rådhuset og Thon Hotell Fosnavåg. Gler meg til Espen har geoturisme-kart ferdig. Det vert ei reise i mykje unik geologi. Eg enda som vanleg opp med meir stein heim enn det som er gitt til Herøy, skriv Hallvard Eide på si Facebook-side etter besøket på Herøy rådhus.

 

Publisert av Wenche Moltu. Sist endra 29.06.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering