Stengt bibliotek frå 12. juni til 7. august

Biblioteket.jpg - Klikk for stort bilete

Grunna renoveringsarbeid på Herøy kulturhus, som inkluderer asbestsanering, må Herøy folkebibliotek halde stengt for publikum i perioden 12. juni – 7. august 2017. Her finn du informasjonen du treng.

Dette er ingen ønskesituasjon for ei aktiv bibliotekteneste, som normalt er godt besøkt i ferietida, også av turistar.

Lesekampanjen Sommarles vil av same grunn ikkje bli avvikla denne sommaren.

Når situasjonen er som han er, vil vi peike på nokre alternativ for brukarane i denne perioden:

- I tida fram til 12. juni kan du sikre deg lesestoff for sommaren, dette gjeld også film og lydbøker. Utlånsfristen vil sjølvsagt vere utvida til vi opnar igjen.

- Bruk låneretten din på biblioteka i Sande, Ulstein og Hareid. Dei har sommaropne bibliotek med eigne opningstider. Du finn nettstadane deira her:http://www.mrbiblioteket.no/ 

- Hos dei kan lokale lånekort nyttast då vi har eit interkommunalt samarbeid. I tillegg har alle over 15 år rett på nasjonale lånekort som kan nyttast på alle folkebibliotek i Norge. Dette får du gratis på biblioteket. Då kan du låne og levere på bibliotek der du til ei kvar tid oppheld deg.

- Du som til vanleg nyttar biblioteket sine PCar til å utføre banktenester, søknadar, scanne, ta utskrifter o.l., kan vende deg til Servicetorget på rådhuset.

-  Vi oppfordrar deg som lånar til å levere inn bøker og anna materiale som du er ferdig med, innan 12. juni, eller evt fornye lånet. Dette er spesielt viktig for fjernlånt materiale. Vi vil likevel ha ei innleveringskasse ståande innanfor døra på nedsida av kulturhuset – ut juni.

Innleveringskassa på KIWI Myrvåg vil bli stengt 30. juni.

Biblioteket er tilgjengeleg pr. telefon t.o.m. 30.juni, og f.o.m. 31. juli. I juli tek vi fellesferie.

Publisert av Iselin Øvrelid. Sist endra 18.05.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering