Sykkelregulering i Sæviktunnelen

For å kome til og frå Runde må ein gjennom Sæviktunnelen. I år blir det installert varsling til bilistar når ein syklist er inne i tunnelen. Illustasjonsfoto - Klikk for stort bileteFor å kome til og frå Runde må ein gjennom Sæviktunnelen. I år blir det installert varsling til bilistar når ein syklist er inne i tunnelen. Illustasjonsfoto I sommar blir det tryggare å sykle gjennom Sæviktunnelen. Eit nytt system gjer at bilistar vil bli varsla dersom nokon syklar inne i tunnelen.  

Statens vegvesen Møre og Romsdal er i full sving med å forberede trafikktryggingstiltak for syklistar i Sæviktunnelen. Når frosten slepp taket i grunnen, blir eit automatisert system med detektorar i bakken installert.

Målet er å ha systemet ferdigstilt og testa før sommarsesongen startar. Bilistane blir varsla med varsellys dersom det er syklistar inne i tunnelen, og i tillegg vil syklistane bli talde. Dette er det fyrste anlegget av denne typen her i fylket. 

–Herøy kommune gler seg over at Statens Vegvesen har fulgt opp saka etter at vi tok kontakt med dei fjor i sommar, seier Tanja Rafteseth i Herøy kommune, og legg til at fleire har teke kontakt om at dei ynskjer å sykle til og frå Runde sommarstid, men at folk har kvidd seg på grunn av den uoversiktelege Sæviktunnelen.
Publisert av Lillian Haddal. Sist endra 08.03.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering