Tenkjer du å starte næringsverksemd frå privat bustad?

Ta gjerne kontakt med oss i kommunen før du startar opp ny verksemd, slik at vi kan hjelpe deg med det formelle. Illustrasjon: Pixabay  - Klikk for stort bileteTa gjerne kontakt med oss i kommunen før du startar opp ny verksemd, slik at vi kan hjelpe deg med det formelle. Illustrasjon: Pixabay

Vi ser stadig meir at folk driv private verksemder og sel produkt til kundar. Då er det ein del lovverk du må ha oversikt over før du kan starte, og her er ei lita oppskrift på korleis du går fram.

Tekst: Thomas Teige Sporsheim

Herøy Kommune vil gjerne at du skal ta kontakt med oss før du startar noko. Dette for å ha kontroll på lovverka. Det er lurt å sjekke kommuneplan / reguleringsplan, og om det vil vere søknadspliktig etter plan- og bygningslova. Til dømes er det søknadspliktig dersom du skal endre bruk av kjellar eller soverom til eit kjøkken. Du må vere obs på at det kan vere ulike avdelingar i kommunen som handhevar dei ulike lovverka som er relevante. Vi vil gjerne hjelpe deg! 
 

Nabovarsel og Mattilsynet

Når eit føretak skal starte næringsverksemd i eit bustadområde må du søkje om bruksendring på delar av, eller heile bygget, dette skal også nabovarslast. Skal du produsere og selje til dømes mat så skal verksemda vere godkjend eller meld til Mattilsynet. Dersom ein skal drive rein cateringverksemd krev ikkje dette eit serveringsløyve etter serveringslova.
 

Selskapsform

Du må også hugse på å setje deg inn i momsreglane og sjekke skatteetaten.no. Det må også avklarast kva slags selskapsform du ynskjer å ha: Enkeltpersonsforetak (ENK), aksjeselskap (AS), ansvarlig selskap (ANS) eller delt selskap (DA). Det medfører også eit personlig ansvar økonomisk.
 

Hoppid

Dei som har idear om å starte eige verksemd kan ta kontakt med det lokale hoppid-kontoret hjå Robert Voldnes. hoppid.no skal gjere det lettare å bli gründer i Møre og Romsdal. Både for dei som ønskjer å etablere ei bedrift og for dei som allereie har starta for seg sjølv, er hoppid.no ein naturleg stad å starte.
 
På hoppid.no-kontora får gründeren gratis råd og rettleiing, tilbod om kurs og opplæring, råd om tilskot og finansiering og hjelp i søkeprosessar og til nettverksbygging.
 
 
Publisert av Lillian Haddal. Sist endra 10.08.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering