Tennisbana har fått nytt dekke

Nytt dekke: Tennisbana ved kulturhuset har no blitt fornya, og er straks klar til bruk.  - Klikk for stort bileteNytt dekke: Tennisbana ved kulturhuset har no blitt fornya, og er straks klar til bruk.

 Tennisbana i aktivitetsparken ved kulturhuset er klar til bruk i løpet av denne veka.

Søndag starta legginga av nytt dekke på tennisbana ved Herøy kulturhus, og oppgraderinga vil halde fram denne veka. Anlegg og driftsavdelinga stilte med fem mann som hjelpte til med skjering, utlegging og liming. Etter planen skal ein skjere i resten av strekane og fylle på sand i dag. Så står oppsetting av gjerde og montering av nettet for tur, før bana er klar til bruk. Bana er fri til bruk for alle. 

Biblioteket lånar ut tennisrackertar og ballar til dei som vil prøve ut om tennis kan vere noko for dei
 
Publisert av Lillian Haddal. Sist endra 17.04.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering