Testkøyring av ny rullestolrampe

Den planlagde rullestolrampa blei målt opp på vegen, og prøvekøyrd av rullestolbrukar Bård Eiksund.  - Klikk for stort bileteDen planlagde rullestolrampa blei målt opp på vegen, og prøvekøyrd av rullestolbrukar Bård Eiksund.

Rådhuset i Fosnavåg skal bygge rullestolrampe opp til hovudinngangen, og som ein del av prosjektet har no ei testrampe blitt prøvekøyrt.

Rullestolbrukar Bård Eiksund stilte opp og prøvekøyrde ei løype med same mål som det som skal bli den nye rullestolrampa.

-Grunnen til at vi tok denne testen var på grunn av at vi var usikre på om snuplassane i rampa er store nok slik som det er skissert, seier prosjektleiar i Herøy kommune, Saphon Suktamuk, og legg til:

-Tilbakemelding etter testen frå brukar og Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne er at størrelse på snuplassane er ok. No når dette er avklart, kjem vi til å fortsette til neste fase, som er å utarbeide anbodsgrunnlag.

Slik er det tenkt at rullestolrampa skal sjå ut.  - Klikk for stort bileteSlik er det tenkt at rullestolrampa skal sjå ut.

 

Det er ikkje avklart når rullestolrampa skal stå ferdig enno, men i det er sannsynleg at den blir ferdig i løpet av i år. Per i dag må rullestolbrukarar og dei med barnevogner nytte ein eigen inngang, og innandørs heis for å kome seg til inngangspartiet til rådhuset.

Publisert av Lillian Haddal. Sist endra 11.05.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering