Toalettet i Goksøyra

toalett Goksøyra.JPG - Klikk for stort bilete

 

Toalettet i Goksøyra er ope, men i det varme og fine veret har det mange gjestar, og toalettfasilitetane kan dessverre gå tomt for vatn. Vi minner også om at vatnet ikkje har drikkevasskvalitet.

Toalettet har vasstilførsel frå ein tank på området. Denne tanken vert etterfylt fredag 24. august og søndag 26. august, og jamleg deretter. Dersom du likevel skulle oppleve at toaletta ikkje har naudsynt vasstilførsel, ber vi om at dette vert meldt inn til Herøy kommune snarast råd på tlf.: 70 08 13 00.

Etterfylling av vatn for toalettet i Goksøyra. I det varme og tørre været, går tanken tom for vatn etter eitt døgn med besøk.  - Klikk for stort bileteEtterfylling av vatn for toalettet i Goksøyra. I det varme og tørre været, går tanken tom for vatn etter eitt døgn med besøk. Robert Myklebust

Ikkje drikkevasskvalitet

Vi minner om at vatnet ikkje har drikkevasskvalitet. Dersom du har behov for drikkevatn må du ordne deg på anna vis.

Fleire offentlege toalett

Itillegg til toalettet i Goksøyra, er der er også offentleg toalett på Runde Miljøsenter. 

Publisert av Robert Myklebust. Sist endra 31.07.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering