Treng du tips til sommaraktivitet?

Igesundhetta.jpg - Klikk for stort bileteIgesundhetta.jpg Lene Utseth

Du har framleis tid til å delta på 10 på topp i år. Innlevering er ikkje før 20. oktober.

Har du heimeferie eller er heime i Herøy på ferie? Litt aktivitet er både sunt og sosialt. Har du born under 12 år kan du ta dei med på B-turar. Det er kjekt for både små og store.

Du kan kjøpe konvoluttar med kort, informasjonsbrev og forklaring på toppane her:

- YX Fosnavåg

- G-Sport Fosnavåg

- NH Lied

- Handelshuset/ Joker på Nerlandsøy

- Coop Leikong

- Coop Tjørvåg

- Coop Moltu

- Kiwi Myrvåg

- Servicetorget

Ein konvolutt kostar  50,- kroner. Fullfører du og sender inn, får du medalje i posten.

Turar merka med A: passar for alle, minimum 10 klipp.

Turar merka med B: passar for born under 12 år, godt vaksne over 70 år og personar med nedsett funksjonsevne, minimum 5 klipp.

Herøy kommune er no på Instagram og vil gjerne ha deg som følgar. Du finn oss her: 

https://www.instagram.com/heroykommune/

Merkar du bileta dine med #herlegeherøy er du med i trekkinga av flotte premiar.

Elektronisk turkart i Herøy.

Har du spørsmål, ring Servicetorget på tlf: 70081311, kvardagar i tida kl. 09.00 – 15.00.  

 

 

 

 

Publisert av Lene Utseth. Sist endra 28.07.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering