Inkluderande arbeidsliv

IA er forkorting for ”inkluderande arbeidsliv” og stammar frå Intensjonsavtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv, som er inngått mellom partane i arbeidslivet og regjeringa. Dei overordna måla i avtalen om inkluderande arbeidsliv er å betre arbeidsmiljøet, styrke jobbnærværet, førebyggje og redusere sjukefråvær og hindre utstøyting og fråfall i arbeidslivet. Som IA-bedrift har Ørsta kommune ein plan for IA-arbeidet i avtaleperioden.

Tilfredse og kompetente medarbeidarar er god økonomi for organisasjonen vår. Verdiane våre ligg i botnen for arbeidet som vert gjort i arbeidsmiljøutvalet (AMU)og IA- utvalet. AMU er eit vedtaksført organ som er involvert i heile prosessen knytt til arbeidet med inkluderande arbeidsliv og førebygging og oppfylging av sjukefråvær. 
 

 Sjukefråværsoppfølging


Oppgradering av rapporteringsrutinar og betre ressursutnytting i samband med fråværsrapportering skal etter kvart gi oss god oversikt over kvar vi må setje inn ekstra tiltak. Både tradisjonelle faktorar i det fysiske arbeidsmiljøet vert vurdert, men det vert også lagt ned mykje arbeid i det psykososiale arbeidsmiljøet. Til dette har Ørsta kommune mellom anna sett av timar i bedriftshelseplanen (BHT-planen), slik at me kan nytte deira kompetanse til å drive systemretta arbeid.

Stamina Helse Ørsta leverer  bedriftshelsetenester til Ørsta kommune.

Kontakt

Idun Hofset Stabsleiar
48139574
@ Idun Hofset