Varsel om stengd veg i samband med anleggsarbeid

Myrabakken2.jpg - Klikk for stort bilete

Til orientering vil den del av den kommunale vegen Nygjerdevegen på Moltustranda vere stengd i samband med anleggsarbeid på dagtid dei komande vekene. Omkøyring via vegen Myrabakken. Gåande vil kunne passere. Oppdatering: stengt ut veke 37, t.o.m. fredag 15. september.

Stad:
Del av Nygjerdevegen vil vere stengd for gjennomkøyring på dagtid mellom kl. 07:00 og 16:00.
Omkøyring via vegen Myrabakken, jf. stipla linje på biletet ovanfor.


Når det gjeld dei som bur i det stengde området, vil det vere mogleg å passere med bil i ei av retningane.

Arbeidsperiode:
29. august - 15. september 2017.
Perioda kan bli noko endra, dette er avhengig av framdrifta i arbeidet.

Type arbeid: 
Vegavgravingars/stikkrenner, nedsetting av bekkeinntak, reinsking av veggrøft og arbeid med trekkekum.

Utførande:
B. Tarberg AS
Herøy kommune (byggherre)

Dagleg leiar i B. Tarberg AS:
Aleksander Zahl Tarberg
Mob. 46674461

Prosjektleiar i Herøy kommune:
Samfunnsutvikling
v/ Eldar Hansen
Mob. 90810521

Publisert av Eldar Hansen. Sist endra 08.09.2017
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Eldar HansenEldar Hansen Prosjektleiar infrastruktur
908 10 521
@ Eldar Hansen
Login for redigering