Velkomen til årets foreldremøte!

Pål Roland.jpg - Klikk for stort bilete Foreldre til barn i barnehage og i barneskule 1.-7. klasse er velkomne til eit foreldremøte der du får lære korleis du kan bygge sjølvtillit i barnet ditt og sette grenser på ein positiv måte.

-Dette møtet må du ikkje gå glipp av - bodskapen kan bety ein forskjell for barnet ditt! Det seier arrangørane for møtet, som er eit samarbeid mellom «Være sammen», Inkluderande barnehage- og skulemiljø, og Kommunalt foreldreutval for skulane.

Det er Pål Roland som skal halde møtet. Han er i Herøy for å undervise pedagogiske leiarar i barnehage og skule om mellom anna korleis skape eit inkluderande miljø i barnehage og skule, samt gi reiskap for korleis få dette til. Han har no sagt ja til å kome med viktige innspel til dykk foreldre denne kvelden. 

-Pål Roland arbeider til dagleg ved Læringsmiljøsenteret i Stavanger, og er ein spanande forelesar med den nyaste forskingskunnskapen og mykje verdifull erfaring å dele, fortel arrangørane vidare.

Han vil mellom anna snakke om dette:
 
- Korleis forstå og førebygge negativ åtferd?
- Kva betydning har relasjonsbygging frå foreldre til barn?
- Den vanskelege grensesettinga – korleis gripe den an?
- Korleis blir sjølvbiletet bygt?
- Kva kan foreldre gjere for å førebygge mobbing?
 
Det er fri inngang. Ver ute i god tid for å sikre deg ein plass! 
 
Stad: Konsertsalen Thon Hotel Fosnavåg
Tid: Onsdag 14. mars kl. 19 - 20.30
Målgruppe: Foreldre til barn i barnehage og i barneskule 1-7 klasse 
 
Velkomen!
Publisert av Lillian Haddal. Sist endra 06.03.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering