Viktige endringar i plan- og bygningslova

lovparagraf.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

Det kongelige kommunal og moderniseringsdepartementet (KMD) har i 2017 gjort ein del endringar i plan- og bygningslova. 

Rådmann Olaus-Jon Kopperstad orienterar difor den politiske leiinga om dette og har i denne saka fokus på endringane til plan- og bygningslova som har konsekvens for delegasjonsreglementet til Herøy kommune.

- Plan- og bygningsloven er endra for å forenkle og forbetre plan- og byggesaksprosessane. Dette vil gi mindre ressursbruk i forbindelse med plan- og byggesaksbehandlinga, både for kommunar, innbyggjarar og næringsliv. Regjeringa legg vekt på at endringane i plan- og bygningsloven er eit viktig bidrag for å nå ein enklare kvardag for folk flest, skriv kommunal og moderniseringsdepartementet i sitt oversendingsbrev.

Utvida mynde

Kommunestyret har gjeve Formannskapet mynde gjennom delegasjonsreglementet i K-sak 24/16 og K-sak 158/09. Formannskapet vil gjennom endring i lov og forskrift få eit utvida mynde til å gjere vedtak etter sitt noverande delegasjonsreglementet.

Rådmannen ser endringa i § 12-8 som ei innskjerping av krav til gjennomføring av oppstartsmøtet som det første formellet trinnet i oppstartinga av eit planarbeid. Her stillast det konkrete krav til agenda for møte og det referatetet som skal skrivast . Gjennom ikrafttreding av ny forskrift 08.12.2017 ligg det heilt klart strengare krav til tiltakshavar og plankonsulent sitt bidrag før det vert avtalt oppstartsmøte. Administrasjonen vil også få eit auka handlingsrom i å stanse forslag til planarbeid før det vert førelagt politisk avgjerd. Dersom administrasjonen og tiltakshavar er usamde skal dette gå fram av referatet og kunne leggast fram for politisk vurdering, helst utan ytterlegare sakshandsaming, dersom tiltakshavar krev slik framlegging.

Ny forskrift om oppstartsfasen i planarbeid

8.desember 2017 vart det fastsatt ny forskrift om oppstartingsfasa i planarbeid etter plan- og bygningslova. Forskrifta gir utfyllande reglar om utforming av planinitiativ, om gjennomføring av oppstartingsmøte og referat derfrå. Forskrifta har også reglar om krav til planforslag, tidsfristar mv.

Nye lovendringar

Kommunen har fått adgang til å stoppe plan-iniativ før varsling og kunngjøring av planoppstart. Tydeligare og meir formaliserte rammer for oppstartinga av desse planprosessane. Dette vil medføre styrka betyding av oppstartingsmøta og krav til gjennomføring.

Strengare krav til innhald i plan-iniativet som skal sendast til kommunen før oppstartingsmøta kan avhaldas. Kommunen skal også skrive referat frå oppstartingsmøta der det skal kome fram korleis ulike tema skal vurderast i det vidare arbeidet. Alle tema som kan vere relevante for det enkelte planforslaget skal klargjerast og behandlast i dei møta. Referatet skal angi tydelege rammer for det vidare planarbeidet med framdrift, dokumentasjon og utforming av plan.

Usemje mellom kommunen og forslagstillar skal kome fram i referatet og forslagstillar kan krevje at desse vert framlagt og vurdert av kommunestyret eller eit politisk utval som har fått delegert kompetansen.

Det kjem også eit overtredelsesgebyr for brot på reglane om konsekvensutredninger. Brot på reglene om konsekvensutredninger kan bestå i at forslagsstiller forsettlig eller uaktsomt gir uriktige eller villedende opplysninger i konsekvensutredningen. Også for dette punktet må det gjerast eige vedtak om endring av gebyrregulativet for å kunne gi eit slikt overtredelsesgebyr.

Det vil bli krav til behandling av planforslag innan tidsfristar og eventuelle sanksjonar er innarbeidd i den nye forskrifta.

§ 12-14 om oppheving og endring av reguleringsplanar

Det tidligere kriteriet «mindre endringer» erstattes av formuleringa «når endringene i liten grad vil påvirke gjennomføringen av planen for øvrig, ikke går utover hovedrammene i planen, og heller ikke berører hensynet til viktige natur- og friluftsområder.» Dette vil gje Formannskapet auka mynde til å vedta endringar i plan med ein forenkla prosess enn det som har vore gitt tidlegare.

Rådmannen vil også påpeike at § 12-14 vil gje Formannskapet mynde til å oppheve eldre reguleringsplanar «som i det vesentlige er i strid med overordna plan». Dette er også ei utviding av mynde frå det som har vore gitt tidlegare.

Publisert av Wenche Moltu. Sist endra 14.03.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering