Vil du bli ein aktivitetsven?

Illustrasjonsfoto: pixabay.com - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto: pixabay.com

Det blir no arrangert kurs for aktivitetsvenar til personar med demens i Herøy kommune. Kurset vert arrangert over to kveldar i mars, og det er gratis å delta.

-Ein aktivitetsven er ein frivillig, som med opplæring skal gje personar med demens moglegheit til fleire aktivitetar, og å ha ei meiningsfylt fritid. Vi tilbyr gratis kurs, god opplæring og god oppfølging. Kurset er uforpliktande og ope for alle, og det blir enkel servering, seier Tommy Dahl, leiar for arbeidsgruppa som driv tilbodet i Herøy kommune.

Kurset på seks timar er fordelt på to kveldar, og tema i kurset er rolla som frivillig, demens, kommunikasjon, etikk og haldningar samt tausheitsløfte.
 
Den frivillige aktivitetsvenen og personen med demens gjer hyggelege aktivitetar saman, som å gå tur, gå på kino eller konsert, spele ludo, fiske, sykle eller berre møtast for ein kopp kaffi og ein liten prat. På den måten får personar med demens ein sjans til å halde fram med sine fritidsaktivitetar. 
 
Sjølv for menneske der sjukdomen har kome så langt at opplevingar raskt blir gløymt, viser det seg at dei gode kjenslene og stemninga varer. Ein aktivitetsven er helsefremjande og førebyggande, og er med å gje ein person med demens fleire gode dagar og gode opplevingar. 
 
Frivilligheit er ein stor ressurs for helse- og omsorgssektoren, og tilbodet med aktivitetsvenar er i dag etablert i over 190 kommuner. Kurset er finansiert av TV aksjonen 2013, og blir arrangert av Nasjonalforeningen for folkehelsen, Ytre søre Sunnmøre demensforening i samarbeid med Herøy kommune. Aktivitetsven i Herøy startar opp ved Myrvåg og Herøy sjukeheim, og skal etablerast etter kvart for alle personar med demens i kommunen, både heimebuande og ved institusjon.
 
For meir informasjon om aktivitetsvenar, sjå Nasjonalforeninga for folkehelsa sin nettstad
 
Dato: 1. og 8. mars kl. 17.30-20.30 
Stad: Blåtun dagsenteret ved Herøy helse og omsorgssenter 
Påmelding innan 26.februar: Tommy.Dahl@heroy.kommune.no  
Tlf: 700 81 489, 909 27 302
Publisert av Lillian Haddal. Sist endra 23.02.2018
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Tommy DahlTommy Dahl Konsulent
70 08 14 89
909 27 302
@ Tommy Dahl
Login for redigering