Herøy-Velkomen til øyriket ved storhavet

Med storhavet som næraste nabo og kort veg til Ålesund, Ulsteinvik, Volda og Ørsta ligg Herøy kommune midt i matfatet. Dei enorme ressursane i det fiskerike havet har alltid vore grunnlaget for busetnad, vekst og utvikling. 

Båten var og er ein sentral del av livet til dei knapt 9000 innbyggjarane, og ein stor del av Noregs fiskeri- og offshorereiarlag har adresse i kommunen. Eit framgangsrikt og samfunnsengasjert næringsliv bidreg også i stor grad til gode og varierte fritidstilbod både til fastbuande og besøkande.

 

Organisasjons- og kulturlivet blomstrar, med eit imponerande utval kor, korps, idrettslag, kulturskule, festivalar, sogespel, konsertar, lag og foreiningar av alle slag.

 

I 2012 og 2014 vart kommunen kåra til den beste ungdomskommunen i fylket. Alle øyane med busetnad i kommunen er knytte til kvarandre og fastlandet med bruer og undersjøisk tunnell (Eiksundsambandet). Vegen er kort frå den eine storslagne naturopplevinga til den neste. Fugleøya Runde er kjent for Noregs tredje største og eitt av landets mest artsrike fuglefjell. Her finn du også utstillinga av Rundeskatten. Men også resten av kommunen har mykje å by på både av natur og meir urbane aktivitetar.

 

 

Fosnavåg

Kommunesenteret Fosnavåg har vakse fram rundt den lune, naturlege hamna som til alle tider har gitt ly til båtar og mannskap. Den vesle kystbyen er fleire gongar kåra til den fremste næringsbyen i Noreg. Her er ingen store kjøpesenter, men i staden ei rad nisjebutikkar med eit anna utval enn det kjedebutikkane tilbyr. Hit kjem mange langvegs ifrå for å finne det spesielle. I tillegg har byen hotell, kino og kulturhus, badeland, kaféar og restaurantar, bakeri, vinmonopol, matbutikkar, gjestebrygge og sykkelutleige. Servicekontoret ved rådhuset er turistinformasjon i sentrum.

 

Publisert av Wenche Moltu. Sist endra 07.03.2016
Fann du det du leita etter?
Login for redigering