Verdsdagen for psykisk helse

Verdsdagen for psykisk helse er ein internasjonal FN-dag og blir offisielt markert 10. oktober. I Herøy kommune blir dagen markert i Fosnavåg sentrum med ulike stands, foredrag samt gratis kino!

Tid: 10. oktober 2019, klokka 11-15. Gratis kino klokka 18:00.
Stad: Fosnavåg sentrum ved paviljongen 
Program:
Kl 11-15: Stands, gratis kaffi og vafler, samt matsal. Gode Greier sel lokalmat. Lek sel grillmat. Stands ved Herøy kommune, folkehelse, helse og omsorg, psykiatri og rus, Trekløver Sanitetsforening, Herøy folkebibliotek, Aktiv Trening.  
Kl 11-12: Seniordans.
Kl 12:00: Offisiell opning av dagen ved konferansier Ingvill Sævik Bjørneset.
Kl 12-14: Miniforedrag om tema innan psykisk helse: Kommunepsykolog Ivar Ørstavik, folkehelsekoordinator i Herøy kommune Tanja Rafteseth, Trekløver sanitetsforening v/Olaug Andreassen, TV-aksjonen 2019 med fleire. Mellom appellane blir det songinnslag ved Andrine Berge og Adrian Helde Remøy.
Kl 14-15: Tren med ein ven, styrketrening v/AktivTrening. 
Kl 18:00: Gratis kino: Disco. Aldersgrensa er 12 år, 9 år i følge med føresett. Du treng ikkje bestille billett, det er berre å møte opp!

Fakta om Verdsdagen for psykisk helse: 

Målet er å auke bevisstheita om psykiske problema rundt om i verda og mobilisere til innsats for psykisk helse. Sidan den første markeringa av World Mental Health Day i 1992 har Verdsdagen spreidd seg til meir enn 150 land. Dagen er dermed den største globale markeringa for psykisk helse. I Norge er Verdsdagen ein informasjons- og folkehelsekampanjegjennom heile året, med lokale markeringa rundt den 10. oktober. Bakgrunnen er at vi i Norge ønskje at flest mogeleg skal få anledning til å delta på ein markering. 

Tema for 2019 er «Gje tid»

Årets kampanje oppfordrar oss alle til å bruke tida på å gjere ting som er godt for den psykiske helsa. Tid er pengar, seier vi. Men tid er også oppmerksemd, å vise interesse, og det å være til stades. Ein ting er sikkert: Tid er verdifullt, noko vi ikkje kan setje ein prislapp på. Mange opplever at dei har for lite av den. I ein tid der vi får inntrykk frå mange hald, er ekte oppmerksemd den finaste gåva ein kan få og gje. Derfor er det å gje av tida si noko av det finaste ein kan gjere. Har du råd til å la vere – spør vi i årets kampanje.