Korleis svare på tilbod om plass?
Følg denne lenkja for å svare på tilbod om barnehageplass. Skjemaet krev at du loggar inn med ID-porten (MinID, BankID med meir).
Dersom du ikkje har ID-porten: Ta direkte kontakt med barnehagen der du søkte plass. Her finn du kontaktinformasjonen til barnehagane.
Korleis søkje?
Her finn du skjemaet for å søkje om barnehageplass. Skjemaet krev at du loggar inn med ID-porten (MinID, BankID med meir).
Dersom du ikkje har ID-porten, eller er folkeregistrert i ein annan kommune, nyttar du dette søknadsskjemaet.
Kva barnehagar har vi?
I Herøy har vi fire kommunale og fem private barnehagar. Det er felles søknad og samordna opptak til alle barnehagane.
Her er oversikta over alle barnehagane i Herøy.
Kven har rett til plass?
Barn som er fødde innan 30. august 2022, og som er busette i kommunen, har etter søknad rett til plass ved hovudopptaket. Sjå den einskilde barnehage sine vedtekter for informasjon om opptak.
Barn som fyller 1 år i september, oktober eller november har rett til å starte i barnehage den månaden dei fyller 1 år, utan krav om foreldrebetaling frå august.
Kven kan søkje?
- Nye søkjarar
- Alle som ynskjer endring av plass i barnehage eller overflytting til ein annan barnehage
Har du allereie søkt om barnehageplass treng du ikkje søkje på nytt. Søknaden din vert handsama i hovudopptaket.
Søknadar som kjem inn etter 1. mars vert handsama i supplerande opptak.
Oppseiing
Du må seie opp barnehageplassen skriftleg. Det gjeld også om du vil redusere plassen. Oppseiingstida er ein månad, og gjeld frå den 1. i månaden etter at oppseiinga er motteken.
Det er ikkje høve til å seie opp plassen i tida 1. april til 1. august. Dersom ein seier opp plassen etter dette må barnehageplassen betalast ut barnehageåret sjølv om barnet ikkje nyttar tilbodet.
For oppseiingsreglar i dei private barnehagane viser vi til den einskilde barnehage sine vedtekter.