Dialog mellom heim og barnehage/skule

Herøy kommune nyttar no digital kommunikasjon (Edlevo) med føresette til elevar i barnehage, skule og SFO.

Føresette kan nytte appen til Edlevo (TietoEdu) eller logge på via nettstaden som du finn her. 

Kort oversyn over kva appen Edlevo (TietoEdu) kan nyttast til

Fråvær: Registrer heildagsfråvær ved sjukdom eller anna korttidsfråvær. Du vil også sjå oversikt på det totale fråværet skulen har ført på ditt barn.

Søknad om fri: Du kan søke om fri for eleven.

Meldingar: Du kan sende melding til barnehagen, lærarar eller SFO, og dei kan sende til deg.

Nyhende: Barnehage, skule/SFO kan publisere felles nyhende til alle føresette.

Timeplan: Sjå eleven sin timeplan.

Samtykke: Svar på samtykke og oversikt over kva du har samtykka til.

Utviklingssamtale: Her vil du få tildelt tider for utviklingssamtale eller det vil vere mogleg å booke ledig tid.

Undervegsvurderingar: Lærarane skriv undervegsvurderingar på den einkilde elev og kan publisere desse her.

Tidsskjema - berre for barn i SFO: Her kan du registrere kva tider barnet skal vere på SFO/her kan du sjå ei oversikt over tidspunkta barnet ditt brukar å vere på SFO.

Ferieplanlegging – berre for barn i SFO: SFO kan legge ut påmelding til feriar her.

Karakterar – berre for ungdomsskuleelevar: Her vil du få oversikt på karakterane.

Varsel om merknad: Dersom eleven får ein merknad, kan lærarane sende denne som varsel i appen.

Kom i gang

Last ned appen frå AppStore eller GooglePlay. Vel aktuell kommune og logg på med ID-porten, til dømes BankID.

  

Oversiktsbilete og menyar

Første side gir deg eit oversikt over dei barna du har i skulen og/eller barnehage. Oversikta under til venstre, viser forbokstaven til tre barn.

Du kan sveipe til venstre for å sjå menypunkta på det enkelte barn. Dette kan vere ulikt, alt etter som om barnet går i barnehage, barneskule, ungdomsskule, eller har SFO. Tilgong til alle menypunkta finn du ved å sveipe opp.

 

Fråvær

Ved kortidsfråvær som t.d. sjukdom eller tannlegetime, skal fråværet registrerast her. (Ved søknad om fri sjå neste punkt).
Sveip til det aktuelle barnet, gå til menypunktet [Fråvær] og [Registrer fråvær].

Heildagsfråvær

Du kan registrere heildagsfråvær «i dag» eller «i morgon». Legg til ein kort kommentar.

NB! Ikkje skriv sensitive personopplysningar, som t.d. helseopplysningar. Merk at kommentaren berre er tilgjengeleg for barnehage/lærar. Dersom du ønskjer å sende beskjed til SFO, må du sende ei «informasjonsmelding» i meldingsfunksjonen.

Fråværet blir registrert på SFO.

 

Fråvær del av dag

Vel aktuell dato og tidspunkt for når barnet vert fråværande. Legg til ein kort kommentar.

NB! Ikkje skriv sensitive personopplysningar, som t.d. helseopplysningar. Merk at kommentaren kun er tilgjengeleg for barnehage/lærar. Dersom du ønskjer å sende beskjed til SFO, må du sende ei «informasjonsmelding» i Meldingar (sjå punkt om meldingar).

 

Sende melding

Gå til menypunktet «Meldingar.» Trykk på plussteiknet nedst i høgre hjørne. 

For skule:

Bruk søkefeltet på toppen til å søke opp den tilsette du vil sende melding til. Hak av foran namnet på den aktuelle tilsette du vil sende melding til. Når du har valt kven du vil sende melding til, trykk på haka nedst i høgre hjørne. Skriv meldinga og trykk på pila nedst i høgre hjørne for å sende. Merk! Det skal ikkje skrivast sensitiv informasjon i meldingane.

For sfo:

Hak av foran barnets namn under overskrifta «Informasjonsmelding». Når du har valt kven du vil sende melding til, trykk på haka nedst i høgre hjørne. Skriv meldinga og trykk på pila nedst i høgre hjørne for å sende. Merk! Det skal ikkje skrivast sensitiv informasjon i meldingane.

 

Motta melding

Du vil få eit app-varsel når du mottek ei melding (dersom du har aktivert dette). Ved å trykke på varselet, vil du kome rett i meldinga. Gå evt. til menypunktet «Meldingar». For å svare på meldinga, skriv du i tekstfeltet nedst og trykker på pila nedst i høgre hjørne.

Nyhende

Barnehagen/skulen kan publisere felles nyhende til ei avdeling/klasse eller heile barnehagen/skulen. Du vil få eit app-varsel (dersom dette er aktivert) ved publisering. Nyhenda legg seg under menypunktet [Nyheter] og [Aktiv]. «Utdaterte» nyhende ligg under [Inaktiv].

Barnehagen/skulen kan publisere felles nyhende til ei avdeling/klasse eller heile barnehagen/skulen. Du vil få eit app-varsel (dersom dette er aktivert) ved publisering. Nyhenda legg seg under menypunktet [Nyheter] og [Aktiv]. «Utdaterte» nyhende ligg under [Inaktiv].

Oversikt over eleven sin timeplan

Gå til menypunktet [Skolen sin timeplan]. Trykk på den enkelte dag for ei oversikt over kva fag og lærar eleven har til det enkelte tidspunkt. Nedst kan du sveipe mellom vekene.

Gå til menypunktet [Skulen sin timeplan]. Trykk på den enkelte dag for ei oversikt over kva fag og lærar eleven har til det enkelte tidspunkt. Nedst kan du sveipe mellom vekene.  

Samtykke

Når barnehagen/skulen skal innhente eit samtykke, vil du få eit app-varsel. Du samtykker slik:

  • Vel samtykket som ikkje er svart på.
  • Les og godta informasjonen om samtykke.
  • Les på samtykket og godta eller avslå førespurnaden.

Svaret kan endrast i svarperioden. Pågåande samtykke vil alltid ligge i app-lista.

Dersom barnet har føresette i to heimar må begge godta, elles vert samtykket automatisk avslått. Barnehagen/skulen kan sende ut påminning om ubehandla samtykkeførespurnad.

Etter svarperioden kan du angre/endre samtykket ditt ved å kontakte barnehagen/skulen.

 

Karakter

Under dette menypunktet finn du karakterar for kvart halvår, karakterar i orden og åtferd, eksamenskarakterar.
Desse vert publiserte kvart halvår etter intern sperredato.

 

Varsel om merknad

Merknad kan publiserast av lærar og takast imot som melding i appen. Kvar skule informerer om interne rutinar til føresette.

Endre kontaktinformasjon

Det er viktig at barnehagen/skulen til ei kvar tid har oppdatert kontaktinformasjon til føresette. Du kan sjølv endre e-postadresse og mobilnummer i appen ved å gå til menyen i øverste høgre hjørne og [Sjå heile profilen]. Dersom postadresse ikkje stemmer, må du undersøke informasjonen som er registrert i folkeregisteret.

 

 

Treng du litt hjelp til å kome i gang?

Under finn du rettleiing for å bruke Edlevo (TietoEdu) i app eller nettside.

Slik sender og tek du imot meldingar

Video: Bærum kommune

 

Korleis registrere fråvær i Edlevo (Tieto Edu)?

Video: Bærum kommune

 

Slik oppdaterar du kontaktinformason i Edlevo (Tieto Edu)?

Video: Bærum kommune

 

How to register absence in Edlevo (Tieto Edu)?

 

Edit contact information in Edlevo (Tieto Edu)

 

 

Kva gjer eg dersom eg ikkje får pushvarsel i Edlevo (Tieto Edu)-appen?

1) Start telefonen på nytt
2) Sjekk instillingar for varsel i appen og på sjølve telefonen:
Android: Gå til innstillingar -> Appar -> Trykk på appen sitt namn -> Sjekk at varsel er sett som tillatt
IOS/Apple: Sjekk https://support.apple.com/no-no/HT201925
3) Sjekk at batterisparing ikkje er skrudd på for telefonen og for appen. Dersom det er skrudd på, får du ikkje varsel.
4) Sjekk at "Ikke forstyrr/Do not disturb" er skrudd på for telefonen. Dersom det er skrudd på, får ein ikkje varsel.
5) Sjekk om "Datasparing" er skrudd på eller av. Er "Datasparing" skrudd på, får ein ikkje varsel dersom ein ikkje er på wifi. 
Kvar du finn den, varierer frå telefon til telefon. Det kan vere til dømes under "Tilkoblinger -> Databruk -> Datasparing" 
6) Etter Android 8.1 kan ein sette individuell styring på om appen har lov til køyre i bakgrunnen dersom du ikkje brukar den. Dersom dette er på, får du ikkje varsel.
Gå til innstillingar -> Appar -> Trykk på appen sitt namn -> Batteri -> Tillat Bakgrunnsaktivitet
7) Sjekk denne artikkelen hos Apple for varselproblematikk for Iphone her.

8) Feilsituasjonar og løysingsforslag(PDF, 186 kB) - brukarmanual for Edlevo (Tieo Edu)-appen