Gode råd til barn og ungdom

Er du uroa for deg sjølv, dine søsken eller ein ven? 

Herøy kommune skal være ein god stad å bu og leve for alle. Alle barn har rett til å være trygge og å ha det dei treng! Dersom du kjenner at du har det vanskeleg - heime, på skulen eller i fritida, eller veit om eit barn eller ein ungdom som ikkje har det bra, er det viktig at du seier ifrå. Å seie i frå kan være med på å gjere slutt på ein vanskeleg situasjon.

I Herøy finnast det mange vaksne du kan snakke med om det du er uroleg for, tankar, kjensler og trivsel anten det gjeld deg sjølv, vener eller familie. Det er lurt å snakke med nokon av desse slik at du kan få hjelp. Nedanfor kan du finne ut kven du kan kontakte og få nokon gode råd.

Desse kan hjelpe deg der du bur

Nokon du kjenner deg trygg på

Er det ein person du kjenner deg trygg på? Som du syntes det er lett å snakke med? Ein venn, nokon i familien, ein nabo, ein lærar eller kanskje ein fotballtrenar? Det er mange du kan snakke med, som vil lytte og hjelpe deg. Men dersom du syntes det er vanskeleg å kome på nokon, eller du ynskjer å snakke med andre, kan du ta kontakt med ein av dei som står oppført under her.

Det viktigaste er at du delar det som er vanskeleg med nokon.

Helsesjukepleiar

Kjem info her

Fastlege

Alle personar som er busett i ei norsk kommune har rett til fastlege. Du har rett til å bytte fastlege inn til to gangar per. kalenderår og du kan ha fastlege i ei anna kommune enn den du bur i. Fastlegen er ansvarleg for å følge opp sine pasientar i legekontorets opningstid, det vil sei at dersom du har behov for nokon å snakke med kan du ta kontakt med ditt legekontor og be om ein time med din fastlege. Ved akutt oppstått skade eller sjukdom utanom fastlegens opningstid må du kontakte legevakta (116 117). Dersom det står om liv, ring 113.

Les meir om fastlegeordninga her.

Vi har fleire legesenter i kommunen. Informasjon finn du her.

Barnevern

Hovudoppgåva til barnevernet er å gi barn, unge og familiar hjelp og støtte i vanskelege situasjonar. Det er foreldrene som har ansvar for å gi barna sine omsorg. Dersom foreldra ikkje strekk til, kan barnevernet bidra til å sikre barn og unge omsorg, tryggleik og moglegheit til utvikling. 

Informasjon om barnevernet i Herøy kommune finn du her.

Barnevernsvakta
Ved behov for akutt bistand, kontakt barnevernvakta: 91576020 eller 111 116. Vakta er døgnbemanna alle dagar.

Politi

Har du eller nokon du kjenner blitt utsett for noko ulovleg? Eller er du kanskje usikker på om det du har vorte utsett for er ulovleg eller ikkje? Da kan du ta kontakt med politiet der du bur. Klikk her for å lese meir om kva politiet kan hjelpe deg med.

Det lokale politiet finn du i Rådhusgata 7. Vil du ringe? Telefonnummeret er 02800.

 

 

Gode råd til barn og unge

Hjelpetelefonar, chattetenester og nettstadar
Dine rettigheiter

Barnekonvensjonen er ei avtale mellom nesten alle land i verden. Her står det om korleis alle barn i verden skal ha det. Noreg har underskreve barnekonvensjonen og gjort den til norsk lov. Barnekonvensjonen gir barn eigne rettigheiter, for eksempel rett til skule, helsehjelp, leik og fritid. Ein viktig rettigheit er at barn skal verte høyrt i saker som gjeld dei. 

Barnelova (lov om barn og foreldre) regulerer blant anna foreldres plikter og ansvar for barna, og barnas rettigheiter overfor foreldra.

 

Har du det vanskeleg heime?

Har du foreldre som ofte krangler, som skal skille seg eller opplev du vald i heimen? Her er lenker til informasjon og gode råd.

Opplev du vald i heimen? 

Nettvett

Nettvett handlar om å være smart når du brukar nett, enten på mobil, nettbrett eller pc. Både barn og vaksne trenger å lære om nettvett, slik at vi kan unngå kjipe opplevingar når vi spelar, chatter, deler bilete eller er på leit etter informasjon. 

Lenker til info og råd om nettvett

Om nettvett - Redd barna

Om nettvett - ung.no

Nettvett.no

Delbart? - politiet

Er det delbart? Sjå film

Slettmeg.no

Mobbing og utestenging

Har du det ikkje bra? Opplev du utestenging eller mobbing? Er det dårleg miljø i klassa? Er du einsam eller gruar deg til å gå på skule? Slik skal du ikkje ha det, og det er viktig å snakke med nokon om dette. Her finn du lenker til sider med informasjon om mobbing og utestenging.

Kjenner du deg utestengt?

Få hjelp mot mobbing

 

Kropp og seksualitet

Under finn du lenker til meir informasjon om kropp, sex og seksuelle overgrep. 

Lurer du på noko om kropp og sex?

Kva er seksuelle overgrep?

Få hjelp etter seksuelle overgrep