Ved mistanke om vald, overgrep eller alvorleg omsorgssvikt skal foreldre ikkje kontaktast. Ta direkte kontakt med barneverntenesta (70058800 / 91576020) og/eller politi (02800).
Avverjingsplikta er eit lovpålagt og individuelt ansvar for å hindre alvorlege vald- og seksuallovbrot. Dette gjeld både om ein jobbar med menneske og har teieplikt, eller er ein privatperson. Nettstaden plikt.no/ kan fungere som ein guide i situasjonar der du lurer på om du har plikt til å hindre vald eller overgrep.