Krisesenter for Sunnmøre er eit gratis, døgnope tilbod for barn, kvinner og menn som er eller har vore utsett for vald i nære relasjonar. Du treng ikkje å vere i aktutt krise for å få hjelp på eit krisesenter.
Krisesenteret er lokalisert i Ålesund kommune, men er eit interkommunalt tilbod til innbyggarar i Ålesund, Ørsta, Volda, Herøy, Sande, Ulstein, Hareid, Sula, Giske, Fjord, Vanylven, Stranda og Sykkylven. Personar frå andre stadar i Norge kan også nytte deira tilbod. Du kan oppsøke senteret direkte utan timeavtale eller tilvising.
Krisesenteret kan tilby:
- ein trygg stad å bu i ei avgrensa periode
- samtalar
- informasjon om rettar og moglegheiter
- rettleiing (inkludert juridisk rettleiing)
- oppfølging
Avdeling for kvinner og barn
Døgnopen krisetelefon: 70 16 33 33 / 945 39 945
E-post: krisesenter-kvinner@alesund.kommune.no
Avdeling for menn og barn
Døgnopen krisetelefon: 90 70 74 33
E-post: krisesenter-menn@alesund.kommune.no
Felles nettstad: Sunnmøre krisesenter