Retting av feil i matrikkelen

Retting av feil i matrikkelen

Du kan krevje å få retta, endra eller leggje til opplysingar i matrikkelen (det offisielle eigedomsregisteret). Dette er aktuelt dersom opplysingane er feil eller ufullstendige. Opplysingar om grenser som er fastsette i oppmålingsforretninga kan berre rettast med grunnlag i ny oppmålingsforretning.

Meir om Matrikkelen

Vilkår

Du må dokumentere grunnlaget for kravet ditt om retting av opplysingar i matrikkelen. Dersom rettinga verkar inn på naboen, rettshavar eller andre partar, må du legge ved dokumentasjon om at desse samtykker i kravet om retting.

Du framset krav om retting overfor kommunen og kommunen vil gjere ei vurdering av saka, dokumentasjonen og om det er mogleg å gjennomføre ei retting utan oppmålingsforretning.

Gjeld kravet retting av grense, skal du legge ved kart og annan dokumentasjon som underbyggjer kravet.
 

Pris for tenesta

Kommunen kan ikkje krevje gebyr for retting.
 

Skjema krav om retting av feil og manglar i matrikkelen

 

Lover

Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)
Lov om eigedomsregistrering (matrikkellova) § 26 Retting av opplysningar i matrikkelen og sletting av matrikkeleining
Forskrift om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 10 Retting, endring eller tilføying av opplysninger i matrikkelen mv.