Bålbrenning

Open brenning og brenning av avfall er forbode heile året. Open brenning er all brenning som skjer utandørs.

Unntak frå forbodet

Føljande brenning er likevel lov:

  • Open brenning på grillinnretningar, utepeisar og bål brukt i tradisjonelt friluftsliv.
  • Brenning av reint trevirke, avispapir og liknande i vedomn.
  • Bålbrenning jonsokaftan (søknadsplikt).
  • Bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall utanfor tettstad/tettbygd strøk (meldeplikt).

Føresetnader:

Brenninga skal avsluttast straks dersom den som brenn burde forstå eller blir gjort merksam på at nokon blir sjenert av brenninga.

Brenninga skal vera avslutta før det vert mørkt.

Den som utfører brenninga er ansvarleg for at det blir utført på ein kontrollert måte, og skal ta førehandsreglar om beredskap dersom ein mistar kontrollen over bålet.

Du melder ifrå om at du gjennomfører brenning. Du står sjølv ansvarlig for at brenninga foregår på ein forsvarlig måte i henhold til gjeldanda forskrifter.

Helse

Utandørs brenning må ikkje medføre fare for helsemessig ulempe, jf. forskrift om miljørettet helsevern § 9. All røyk er giftig, og den som vurderer å brenne utandørs må difor fyrst forsikre seg om at røyken ikkje er til fare eller plage for andre menneske og dyr i omgivnadane. Ein må vere spesielt merksam på dette i bustadområde, samt i nærleiken av barnehagar, skular, sjukeheim og andre institusjonar.

Alle bål skal meldast inn i eige skjema.

Meir informasjon finn du her:

Lokal forskrift for kommunen

Forureiningsforskrifta

Kontakt

Tore Langvatn
E-post
Telefon 70 08 13 00
Mobil 992 10 003