Feiing

Kven skal ha feiing og tilsyn?

Alle bustader der det er kobla omn til pipe er pålagt kommunal feiing. For å få feiing må det vere montert godkjend takstige til pipe, eller innvendig feieluke. Tilsyn vil ein få sjølv om ein ikkje har godkjend tilkomst til pipe.

Tilsynet består av:

Tilsyn/inspeksjon av fyringsanlegget (eldstad, skorstein, sotluke eventuelt feieluke, røykrør, brannmur og anna tilhøyrande fyringsanlegget). Kontroll av tilkomst-tilhøve for feiaren. Det kan og vere mogleg innan ein begrensa tidsbruk å foreta tilsyn av slokkemiddel, røykvarslarar, rømingsvegar og liknande.

Når kjem feiaren?

Tidlegare kom feiaren to gonger i løpet av fire år. Bustadtilsyn vart utført minst ein gang i same periode. Ny forskrift om brannforebygging frå 1. januar 2016 seier at feiing og tilsyn med fyringsanlegg skal utførast ved behov. 

Dei opplysningane du kan gi oss når vi kjem, f.eks. om din eldstad og kor ofte du fyrer, er viktige når vi skal vurdere behovet for feiing og tilsyn. 

Du får SMS før feiaren kjem. Du kan sjekke din eigen oppføring her.

Kva kostar det?

Feiing- og tilsynsgebyr 2022
Feiing/tilsyn pris u/mva
Fyringsanlegg 528
Gassfyrte anlegg 256
Ekstra pipeløp 144

Søk om fritak

For å få fritak på feiegebyret så vil dette i praksis medføre krav om fysisk fjerning eller plombering av eldstaden. All endring av fyringsanlegg må meldast inn via digitalt skjema på Herøy kommune sin nettstad. Søknadskjema finn du her.

Huseigar sitt ansvar?

Det er eigar/brukar sitt ansvar at fyringsanlegget er intakt og virkar som det skal. Eigar/brukar pliktar å sikre at tilfredstillande tilkomst opp til og på tak, inn til sotluke og evt. feieluke på loft er utført etter gjeldande lover og forskrifter.

Kontakt

John Normann Pettersen
leiar førebyggande
E-post