Godkjenning av privat planarbeid "Planendring for reguleringsplan Fv20 Nerlandsøybrua"

  
Med grunnlag i vedtak som vart fatta i kommunestyret 11.11.2021 (K-sak 121/21), vil Herøy kommune informere om at forslag til privat planarbeid "Planendring for reguleringsplan Fv20 Nerlandsøybrua" har blitt godkjent.

Dette betyr at bygging av ny Nerlandsøybru, med utgangspunkt i justeringar til bru - og vegkonstruksjonen frå detaljprosjekteringsarbeide hos Møre og Romsdal fylkeskommune, kan settast i gang fortløpande. Planendringa medfører oppføring av ei brattare og smalare bru med større fyllingar rundt brufundamenta (Skipsstøtsvern), samt eit smalare fylkesvegnett med omplassert veglinje grunna framflytting av bru-kar (Mot sjøen) på Igesund - og Nerlandsøysida. Andre tillegg/justeringar som utførast gjennom planendringa omfattar: Nye fagutredningar av bl.a. stormflofare, oppdatering av eksisterande utredningar (bl.a. for støypåverknad), samt justeringar av planinnhaldet tilknytt "inkurier" frå tidlegare planprosess (t.d. tap av naustområde på Kvalsund) òg inntaket av framtidig kommunalveg i sør (fram til Gbnr. 35/1). Ei oversikt over endringane er vist i planomtalen. 

Planendringane vil primært verke kostnadsreduserande for prosjektet, men utbetrar òg tryggleiken for brukarar grunna betre omsyn til naturfarar, samt gjennom utførelse av trafikktryggande tiltak som flytting av busslommer. Nye utredningar av bølgjepåverknad og støtpåverknad frå skipstrafikk sikrar ei lengre levetid for brua, ved justeringar (Auka størrelse) av fyllingar ved brufundamenta (Skipsstøtsvern). Endringar tilknytt fylkesvegnettet og bru-kara vil ha positive effektar for miljø og jordbruksressursane i kommunen, då det mindre markabeslaget sikrar betre vern av lokal dyrkamark og naturtypar. Til sist vil mindre endringar knytt til "inkurier" nemnast, då desse sikrar at ein får rydda opp i manglar og feil frå tidlegare saksprosess, som kan vere til ulempe for dei påverka grunneigarane. 

Til orientering: I samsvar med §12-14 i plan- og bygningslova, har kommunestyret i møtet 11.11.2021, K-sak 121/21, vedtatt å godkjenne forslag til mindre endring av «Fv20 Nerlandsøybrua», med krav om følgjande innstilling til administrasjonen i Herøy kommune: 

  • Etter perioden for klageadgang er overstått for denne planendringa, og ev. innkomne klager har blitt behandla, skal administrasjonen i Herøy kommune byrje på ei ny endring av reguleringsplan «Fv20 Nerlandsøybrua» for grunneigendommar innanfor formålsområdet «sentrumsformål» (BS) i plankartet, slik at ein kan jobbe med å imøtekomme deira ynskjer frå prosessen med planendringa som fylkeskommunen ikkje har gjort. 

Dokumentasjonen ligg vedlagt artikkelen, med oppsett klagefrist på 3 veker. 

Klagefrist:  10. Desember. 2021

Send til: Klager på saksvedtak merka med namnet til planen og saksnummeret «20/4388" kan sendast til kommunen gjennom digitalt skjema, eller fysisk til «Herøy kommune, Postboks 274, 6099 Fosnavåg».

Sakspapir:
Planendring_for_reguleringsplan_Fv20_Nerlandsøybrua_-_Sluttbehandling (PDF, 2 MB) (Vedtak sluttbehandling Kommunestyre)
Planomtale_13.10 (PDF, 4 MB) (Planomtale)
Føresegn_13.10 (PDF, 899 kB) (Føresegner)
Plankart_12.10 (PDF, 5 MB) (Arealplankart)
Arealtabell (19.05.2021) (PDF, 193 kB) (Arealtabell)
C001 - C - teikningar versjon 2. (PDF, 330 kB) (Skisseteikningar Igesund)
C002 - C-teikningar (PDF, 299 kB) (Skisseteikningar Kvalsund)
D001 - teikningar (PDF, 102 kB) (Skisseteikning vegjustering Igesund)
Ferdigsignert_Møtereferat_Oppstart (PDF, 3 MB) (Referat frå oppstartsmøte)