Høyring av revidert kommuneplanen sin samfunnsdel til 2030

Planforslag, revidert samfunnsplan til 2030, er lagt ut på høyring.

I planstrategi for 2019-2024 var det lagt inn revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel i 2021. Det har difor vore ein gjennomgang av dokumentet med det føremålet å oppdatere eit planverk som gir heilskap og eit godt grunnlag for å imøtekome nye krav i kommunelova, med tanke på samanheng mellom samfunnsdelen og økonomiplanen. Også fokus på implementering av berekraft og klima i plan og budsjettering har vore eit bakteppe for revisjonen.

I samsvar med plan- og bygningslova §11-14 vedtok formannskapet i møte den 21.09.2021, sak 132/21, å legge revidert forslag til kommuneplanen sin samfunnsdel til 2030, ut til offentleg høyring i 6 veker.

Frist for innspel: 5. november 2021.

Merknader merka med "Revidert samfunnsplan" og saksnummeret "21/12413" kan sendast til kommunen gjennom digitalt skjema eller per post til Herøy kommune, Pb 274, 6099 Fosnavåg innan 05.11.2021.

Utkastet til ny samfunnsdel i kommuneplanen finn du her. (PDF, 10 MB)

Saksframlegget finn du her. (PDF, 635 kB)