Interkommunal kystsoneplan for Søre Sunnmøre utlagt til offentlig ettersyn.

  

I samsvar med plan- og bygningslova §§ 9 og 11-14 har kommunane vedteke å legge forslag til interkommunal kystsoneplan ut til offentleg ettersyn. Planforslaget vert sendt til regionale instansar og berørte partar for uttale og kunngjort på kommunane sine heimesider.

Plandokumenta er identiske for alle kommunane med unntak av plankartet.

Dokumenta finn du i saka her.

Interkommunal kystsoneplan – plankart for alle kommunane

Planen er ein del av kommunane sitt overordna styringsdokument som gir rammer for utviklinga av sjøareala på Ytre Søre Sunnmøre og skal fungere som ein informasjons­ og planleggingskjelde for kommunane innbyggarar, folkevalde og administrasjon i kommunane, for organisasjonar, samt næringsliv og sentrale forvaltningsorgan med fleire.

Arealplanar i sjø skal ha ein overordna og grovmaska karakter jf. PBL. Unødige detaljar på dette plannivået kan auke antal konflikter og kan svekke moglegheita for å få fram hovudprioriteringane og langsiktige strategiar.

Planforslaget vil ligge ute til offentleg ettersyn/høyring i perioden 03.12.2021- 21.01.2022.

Innspel til planarbeidet sendast til postmottak@heroy.kommune.no  eller i elektronisk skjema innan fristen.
 

Frist for merknadar er 21.01.2022.