Offentleg ettersyn - Detaljregulering for fortau Igesund til Fosnavåg

Samfunnsutvalet har vedteke å legge detaljregulering for forta Igesund til Fosnavåg ut til offentleg ettersyn og her finn du saksdokumenta. 

I samsvar med plan- og bygningsloven  §§ 12-8 og 12-9 vert Detaljregulering med namn fortau frå Igesund til Fosnavåg lagt ut til høyring og offentleg ettersyn.  

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for ei samanhengande fortau frå Kleiva til Fosnavåg og sanere utfordrande avkjørsler frå fylkesvegen. 

Planen med føresegn og planskildring, samt andre sentrale dokument i saka, er lagt ut på kommunen sitt heimeside.

Etter saka vart førebudd til politisk handsaming og no utsending har Herøy kommune fått ein førehandsuttale frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Kommunen har ikkje fått tid til å gjere ev. endringar, men vi har gått gjennom brevet og har kome til at ev. endringar vert gjort i etterkant av offentleg ettersyn. 

Ang. §8.3 så er kommunen samd i innspelet frå fylkeskommunen og denne vil bli presisert slik det går fram av uttalen. 

For eigedomane Igesundvegen 43-49 ser vi det som utfordrande å få etablert tilkomst frå sør på grunn av myra som ligg i bakkant. Det ser likevel ut til å vere kurant å få lagt byggegrense 8m frå senterlinje som då vil gjelde støydempande tiltak og nybygging. 

Ift. at fylkevegen skal forkøyrsregulerast er kommunen positiv til å endre frisiktsonene i tråd med handboka, men dette vil medføre ca. 1.5m utvida planområde mot aust for å få tilstrekkeleg lengde på frisiktsona, 36m (i plankartet er det ca. 34.5m). Ut over det ser det ut som ei kurant endring som ikkje vil påverke verken byggegrenser eller bygg i planen. 

Merknader merka med namnet til planen og planident 201805 kan sendast kommunen på e-post: postmottak@heroy.kommune.no  eller til pb. 274, 6099 Fosnavåg innan 26.08.2022. 

Saksdokumenta finn du her: Detaljregulering fortau Igesund til Fosnavåg

ArkivsakID: 19/11964