Offentleg ettersyn - detaljregulering for Håvika 2

I samsvar med plan- og bygningsloven § 12-10 vert Detaljregulering med namn Håvika 2 lagt ut til offentleg ettersyn. Høyringsdokumenta finn du i denne saka. 

Kart over reguleringsområde - Klikk for stort bileteKart over reguleringsområde Utsnitt kartløysing

Føremålet med planen: 
Forslag til detaljregulering for Håvika 2, er motteke frå plankonsulent Ose AS med Håvika invest as som forslagstillar. 

Føremålet med reguleringa er å få prøvd å få aksept for parkering nord for hytta på 53/117, regulere fleire hyttetomter for sal, justering av området med rorbuer der rorbuene vert trekt lenger frå sjøen og vegen blir plassert mellom rorbuene og naustområdet. Endring av ei godkjent hyttetomt til naustområde og justering av vegløysingar slik at dei stemmer med slik dei er bygd.

Sakshandsamar: Ole Magne Rotevatn, tlf. 909 74 128.

Merknader merka med namnet til planen og planident 202203 kan sendast kommunen på eige skjema eller til postboks 274, 6099 Fosnavåg.

Høyringsfrist: 31.12.2022
 

Generelle opplysningar: Merknader som kjem inn er kommunen sitt grunnlag for å endre planforslaget, og vert vurdert og referert for politisk mynde. Vi svarer difor ikkje på merknader enkeltvis.

 

Arkivsaka finn du her: https://innsyn.heroy.kommune.no/wfinnsyn.ashx?response=arkivsak_detaljer&arkivsakid=2020007698&  

Her er reviderte plandokument i tråd med vedtaket frå utval for samfunnsutvikling og dette er dokumenta som ligg til høyring:

DP Håvika II - plankart_2022.11 (PDF, 3 MB)

DP Håvika II - føresegner_2022.11 (PDF, 158 kB)

DP Håvika II - planomtale_2022.11 (PDF, 8 MB)

DP Håvika II - sjekkliste ROS_2022.08 (PDF, 191 kB)

DP Håvika II - merknadsvurdering oppstart_2022.08 (PDF, 408 kB)

Saksprotokoll Håvika 2 160_22 USU (PDF, 702 kB)