Offentleg ettersyn - detaljregulering for Marken Marina

Kartutsnitt reguleringsområde - Klikk for stort bilete

I samsvar med plan- og bygningsloven § 12-10 vert Detaljregulering med namn Marken Marina lagt ut til offentleg ettersyn. Høyringsperioden er frå 14.10.2022 – 25.11.2022 .

I samsvar med plan- og bygningslovens § 12-8, § 12-9 og § 12-10 vert Detaljregulering med namn Marken Marina lagt ut på høyring og offentleg ettersyn.

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for fleire naust samt molo og utviding av småbåtanlegget. Avkjørsle frå fylkesvegen er sentral og endra i forhold til den planen som er gjeldande.

Foreløpige teikningar og varslingsbrev kan sjåast ved å klikke her. 

Merknader merka med namnet til planen og planident 202106 kan sendast kommunen på epost: postmottak@heroy.kommune.no eller til Herøy kommune postboks 274, 6099 Fosnavåg.

Høyringsfrist: 25.11.2022

Generelle opplysningar:
Merknader som kjem inn er kommunen sitt grunnlag for å endre planforslaget, og vert vurdert og referert for politisk mynde. Vi svarer difor ikkje på merknader enkeltvis.