Reguleringsendring for FS 1, Fyrlykta terrasse utlagt til offentleg ettersyn

Formannskapet gjorde vedtak 02.11.2021 om å legge reguleringsendring for FS1 i Nørvågen ut til offentleg ettersyn. Her finn du dokumenta i saka.

Føremålet med planarbeidet er å endre delar av vedtatt områdeplan for Fosnavåg hamn, planID 201263, vedteke 26.03.2015. Endringar er avgrensa til ei tekstendring av reguleringsføresegnene til gjeldande plan og ei endring av formål frå bustadformål (frittliggjande småhusbebyggelse) til blokkbebyggelse med ei høgare utnyttingsgrad.

Planområdet omfattar eigedomane gnr. 33, bnr. 11 og 21. Planområdet er om lag 3 daa stort. Det er foreslått at det nye området blir BBB1.

Tiltaket er delvis i tråd med områdeplanen då området er avsett til bustadføremål i dag og blir vidareført som bustadføremål, men med høgare utnyttingsgrad.

Formannskapet gjorde følgjande vedtak 02.11.2021:

Formannskapet gir løyve til oppstart av reguleringsendring av Fosnavåg hamn (planID 201263), etter plan- og bygningslova § 12-14.

Merknadar merka med namnet til planen og saksnummeret «20/2092» kan sendast til kommunen i eige skjema eller til postboks 274, 6099 Fosnavåg», innan den 27.12.2021.

Generelle opplysningar: Merknader som kjem inn er kommunen sitt grunnlag for å endre planforslaget, og vert vurdert og referert for politisk mynde. Vi svarer difor ikkje på merknader enkeltvis.