Varsel om oppstart av reguleringsplan for Skinnabrokleia

Oversiktskart

Iht. plan- og bygningslova § 12-1 og § 12-8 varslast det om at det er igangsett arbeid med reguleringsplan for utbetring og omlegging av farleier i Ulsteinfjorden Herøy kommune. Dette varselet gjeld Skinnabrokleia vest for Kalvøya og Borgarøya i Bøfjorden i Herøy og Ulstein kommune. Varselet er felles for planar langs farleia for Herøy og Ulstein kommune.

Kystverket er forslagsstillar og Multiconsult er plankonsulent. Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for å utdjupe grunner langs farleia slik at båtar kan ferdast med større sikkerheit. Planarbeida er ein del av fleire nødvendige detaljreguleringar langs farleia, frå Røyrasundet i sør til Ålesund i nord. Reguleringsplanane er tenkt utført med heimel i pbl. § 3-7. Overføring av planførebuing til statleg eller regional myndigheit. Dette inneberer at Kystverket, i samråd med planmyndigheita, kan fremje forslag til arealplan og vedta å legge planane ut til offentleg ettersyn.

Massane frå utbetringa er planlagt lagt i deponi. Kystverket ønskjer å planlegge for sjødeponi samtidig som at moglege deponi på land vurderast.

 

Dokument i saka finn du her:

Referat_frå_oppstartsmøte_Herøy_Ulstein (PDF, 2 MB)

Avklaring planavgrensinger og sjødeponi (PDF, 6 MB)

Planinitiativ Skinnabrokleia Kyrkjefluda Svædet (PDF, 6 MB)

Varselbrev_Skinnabrokleia_Svadet_Kyrkjefluda (PDF, 4 MB)

Vedtak_Herøy-Oppstart_reguleringsplanarbeid (PDF, 773 kB)

Vedtak_Ulstein_oppstart_reguleringsplanarbeid (PDF, 86 kB)

Annonse_HerøyUlstein (PDF, 3 MB)

Det vert lagt opp til at planane kan behandlast våren/sommaren 2022, medan oppstart av arbeid med utdjuping er planlagt i 2024. Meir informasjon kan ein finne på kystverket.no og kystverket.no

Offentlege mynde, interessentar, og grunneigarar, innan 500 m frå planområdet i sjøen, blir varsla direkte. Det blei i oppstartsmøte med kommunane avtalt at tiltak i planen skal konsekvensutgreiast med tanke på naturmangfald.

Det vert digitalt informasjonsmøte om planarbeidet 20.10.2021 kl.18.00-20.00.

 

 

 

 

 

Lenkje til informasjonsmøte: https://tinyurl.com/OpeInformasjonsmote

 

Spørsmål knytt til reguleringsarbeidet kan stillast til:
Multiconsult v/Sevrin Gjerde på e-post sevrin.gjerde@multiconsult.no eller på tlf. 906 38 390

Eventulle kommentarar/merknader til det igangsatte planarbeidet sendast skrifteleg til:

Multiconsult v/ Sevrin Gjerde, e-post sevrin.gjerde@multiconsult.no

Frist: 29.11.2021