Demens- og psykiatriteamet

Demens- og psykiatriteamet er ei form for heimeteneste, særskilt tilpassa dei med demenssjukdom eller alderspsykiske lidingar.

Kven kan få samtaletid med demens- og psykiatriteamet?

Tenesta er for menneske med demenssjukdom eller alderspsykiske lidingar.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Korleis søkjer du?

Du søkjer ved hjelp av søknadsskjemaet .

Etter at du har søkt på tenesta vil nokon frå demens- og psykiatriteamet ta kontakt med deg for å avtale heimebesøk. Vurderingane vil bli gjort som følgje av informasjon som kjem fram i møtet, og eventuelle vedlegg til søknad.

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.