Vald og overgrep

Det er fleire som står klare til å hjelpe deg som er eller har vore utsett for vald eller overgrep. Ikkje nøl med å ta kontakt!

 

 

Vald i nære relasjonar

Vald i nære relasjonar er eit omfattande samfunns- og folkehelseproblem. Alle kan bli utsatt for vald nære relasjonar uavhengig av alder, kjønn, etnisitet, religion eller sosial status.

Vald i nære relasjonar

Har du mistanke om vald i nære relasjonar?

Dersom du mistenker at nokon er utsette for vald eller står i fare for å bli det, skal du melde dette vidare. Du kan gjera ein forskjell.

På nettsida til Krisesenter for Sunnmøre finn du informasjon om kva du bør gjera og kva du skal sjå etter.

Ved alvorlege trugslar eller fysiske skader etter vald og overgrep, kontakt politi 112, legevakt 116 117 eller overgrepsmottaket.

Er du utsatt for vald eller overgrep?

Du som opplever for vald eller trugslar om vald i nære relasjonar kan få gratis hjelp på Krisesenter for Sunnmøre

Alarmtelefonen for barn og unge 116 111 er ein gratis telefon for barn og unge som er utsatt for vald, overgrep og omsorgssvikt. Alarmtelefonen er døgnopen heile året og svarer også på chat, e-post og sms. Vaksne som er bekymra for barn kan også ringe.

Overgrepsmottaket er eit akuttilbod til ungdom, kvinner og menn som om nyleg har blitt utsett for valdtekt, valdtektsforsøk eller liknande seksuell krenking, eller som er blitt utsatt for vald i nære relasjonar. Kontakt overgrepsmottaket på tlf 116 117. 

Familievernkontoret i Ålesund tilbyr samtaleterapi, rettleiing og kurs. Statens barnehus er eit tverrfagleg kompetansehus med tilbod til barn og unge ved mistanke om at dei kan ha vore utsette for, eller vore vitne til, vald eller seksuelle overgrep. Målgruppa omfattar òg vaksne med ein utviklingshemming.

Utøver du vald?

Det er fleire verksemder som arbeidar særskilt med å tilby spesialisert hjelp til utøvarar av vald i nære relasjonar:

Familievernkontoret i Ålesund
Sinnemestring etter Brøset-modellen - Eit landsomfattande tilbod til personar over 18 år
Alternativ til Vold (ATV)
Detfinneshjelp.no
 - Tilbod til personar over 18 år med seksuell interesse for barn.

Avvergeplikt - Gjennom straffelova § 196 har vi alle ei personleg plikt til å anmelde eller på annan måte avverge og hindre straffbare forhold. Dette er eit personleg ansvar som går føre teieplikta og gjeld ALLE til ei kvar tid – både på jobb og på fritida.

Meldeplikt - Du har sjølvstendig plikt til å melde frå til barnevern og politi ved mistanke om vald eller overgrep mot barn. Dei har ansvar for å undersøkje saka og avgjere vidare tiltak.

Kommunen har eit særleg ansvar for å førebyggje, avdekke og avverje vald og overgrep. Dette krev ei samordning av tenester og samarbeid på tvers. Kommunane på Sunnmøre har utarbeida ein handlingsplan som tek utgangspunkt i nasjonale føringar. Denne gir felles retning for arbeidet mot vald i nære relasjonar på Sunnmøre. Sjå handlingsplan mot vald i nære relasjonar for kommunane på Sunnmøre:

Handlingsplan mot vald (PDF, 3 MB)