Bustadsosial og rus

Teneste for bustadsosialt og rus tilbyr fagleg tilrettelagt tilbod i høve det å meistre kvardagen i eigen heim.

Kven kan søkje?

Tenesta er meint for deg som er mellom 18 og 67 år, og som treng støtte på grunn av

  • at du er i ferd med, eller har utvikla eit rusproblem
  • at du treng oppfølging etter opphald i institusjon (primært fengsel, rus- eller barneverninstitusjon
  • at du har utfordringar knytt til nettverksbygging og aktivitet

Tenesta er ikkje meint for reinhald av bustad eller transport.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Korleis søkjer du?

Du søkjer  om tenesta i eige søknadskjema. 

 

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.

Kontakt

May Gunn Ertesvåg
fagleiar Rus
E-post
Mobil 481 22 637