Spørjeundersøking: Kva for eit Herøy vil du bu i når du blir eldre?

Dette er avdeling for tenestekoordinering

Dette er avdeling for tenestekoordinering

Dette er dei tilsette i avdeling for tenestekoordinering : Bak frå venstre: Johanne Leine Sævik, Tommy Dahl, Gunnar Roseth og Matthias Friedrich. Framme frå venstre: Siv Helen Johnson Tødenes, GroAnette Frøystad Voldsund, Kari Fjellstad Elsebø, Elise Waade Myklebust og Marit Dalsbø.   
Avdeling for tenestekoordinering er ei av fire avdelingar i sektor helse og omsorg. Avdelinga fungerer som staben til kommunalsjefen, og har åtte tilsette. Du finn oss på Herøy helse- og omsorgssenter på Eggesbønes.

Tenestekoordinering si målsetting er å bidra til heilskapeleg sakshandsaming  for heile sektoren, i tillegg til spesifikke støttefunksjonar og teknisk drift. I samarbeid med dei andre avdelingane skal tenestekoordinering syte for at dei som oppheld seg i kommunen får koordinerte tenester i samsvar med dei rettar og plikter som lovverket gir.

Arbeidsfordeling

Avdelingsleiar er GroAnette Frøystad Voldsund. Ho er også leiar for koordinerande eining i kommunen. Du kan lese meir om koordinerande eining her.

Teknisk drift har ansvar for blant anna velferdsteknologi, reperasjonar og vedlikehald av utstyr, i tillegg til mottak, utkøyring og henting av hjelpemiddel i helse og omsorg. Gunnar Roseth er fagleiar i teknisk drift, og Matthias Friedrich driftsteknikar.

Avdelinga har fem konsulentar. Mange av arbeidsoppgåvene er felles, men konsulentane har ulike hovudoppgåver.

Marit Dalsbø har hovudansvar for utrekning av betaling for opphald i sjukeheim, det som blir kalla vederlagsbetaling og etteroppgjer. Ho er også systembrukar i Gerica, som er pasientjournalprogrammet vi nyttar, og har hovudansvar for fakturering.

Keth Lane Remøy (vikar for Siv Helen Johnson Tødenes) koordinerer pasientflyten. Det betyr at ho har dialog med sjukehuset og heimetenesta i høve opphald på sjukeheim. Ho er i tillegg systembrukar i Compilo og Gerica. Ho tek også del i utrekning av betaling for opphald i sjukeheim. I tillegg koordinerer ho velferdsteknologi i sektor helse og omsorg.

Johanne Leine Sævik koordinerer arbeidet med kompetanseutvikling og rekruttering. Ho er blant anna fagleg leiar for lærlingar i helsefag, og administrerer praksisplassar i helse og omsorg.

Elise Waade Myklebust koordinerer bustadmøtet, der tildeling av kommunale bustadar vert avgjort. Ho har meiransvar for koordinerande eining, er systembrukar i Compilo, Fiks smittesporing og Confrere. Elise deltek i arbeidet med aktivitetsvenn og kulturkontakt, og har også vidareutdanning i kommunikasjon og media. For tida er Elise sterkt involvert i arbeidet med smittesporing.

I tillegg er Tommy Dahl del av vår avdeling. For tida har han permisjon for å arbeide med innføring av helseplattforma i sjustjernekommunane. Du kan lese meir om helseplattforma her.