Bli med på Ti på topp

Familiestøtte

Familiestøtte

Familiestøtte er eit servicetilbod til småbarnsfamiliar med spesielle og akutte behov.

Kven kan få familiestøtte?

Tilbodet er meint til familier som har særlege behov for hjelp i ein akutt situasjon, som for eksempel dødsfall, akutt sjukdom eller spesielt krevjande familiesituasjon. Ein kan få hjelpa i inntil to månadar og tenesta gjeld heile døgnet. Målsetting for tenesta er hjelp til å meistre kvardagen i eigen heim. Det kan vere hjelp til den daglege ivaretakinga av små born, i tillegg til reinhald og matlaging.

Dersom behovet varer lenger enn 2 månadar skal behovet løysast ved dei ordinære tenestene til kommunen.

Kva kostar det?  

Tenesta er gratis.

Korleis søkjer du?

Du melder ditt behov i dette skjemaet.

Kontakt

Elise Waade Myklebust
Spesialkonsulent Tenestekoordinering
E-post
Mobil 90 98 41 23