Dette er dine klagerettarDu kan klage dersom du ikkje er nøgd med dei helse- og omsorgstenestene du får tildelt. Vedtaket du har fått, skildrar også korleis du går fram for å klage. Treng du hjelp til å klage? Ved å kontakte sakshandsamar kan du få hjelp til å klage. Munnleg klage skal skrivast ned og underteiknast av den som klagar eller fullmektig. I klagen skal det kome fram kva ein ønskjer å endre. Vi nyttar ikkje eigne skjema for klage. Korleis vert klagen handsama? Når vi får klagen, vurderer vi den på nytt saman med eventuelle nye opplysingar i saka. Dersom klagen etter ny vurdering ikkje vert imøtekomen frå oss, vert den sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd. Kva er fristen? Klagefristen er fire veker. Klagen sendast til: Helse og omsorg ved avdeling for tenestekoordinering Sjukeheimsvegen 5A, 6092 Fosnavåg. Publisert 25.09.2019 10:00 Sist endra 31.01.2023 04:02