Opplevingskort

Gjennom tilskotsordninga «Tilskot til inkludering av barn og unge» har Herøy kommune gleda av å kunne tilby opplevingskort for barn og unge. Målet er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha muligheit til meistring og samfunnsdeltaking. Ordninga skal sikre at born og unge frå familiar med svak økonomi får høve til å delta i ulike aktivitetar og kulturopplevingar.

Kven kan få tenesta?

Opplevingskortet kan tildelast born og unge i alderen 0-25 år i familiar med svak økonomi. Føresette til barna kan også få opplevingskort for familieaktivitetar der dei deltek.

I tillegg til økonomiske forhold vil det vere aktuelt å ta omsyn til ulike sosiale faktorar, og tildelinga vil derfor vere ein kombinasjon av økonomiske og sosiale forhold. Ordninga skal bidra til å hindre utanforskap, difor er det også høve til å ta med ein ven på desse arrangementa.

Kva får du?

Opplevingskortet er ikkje eit fysisk kort, men ei ordning der ordinære årskort og bilettar vert dekt gjennom ordninga.

Det er folkehelsekoordinator som handsamar søknaden. Opplevingskortet vert tildelt i form av årskort, billettar og gåvekort. Døme på kva opplevingskortet dekkjer (2021/2022):

  • Kinoframsyningar og snacksmeny ved Herøy kino
  • Konsert- og kulturframsyningar ved Fosnavåg konserthus
  • Sunnmørsbadet, enkeltbillett/årskort
  • Aktiv Trening, månadsabonnement
  • Transport buss/hurtigbåt, månadskort/FRAM Ung

Har du spørsmål til ein annan aktivitet du ynskjer å delta på, så ta kontakt med folkehelsekoordinator.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis for den som får den tildelt.

Korleis får du tenesta/korleis søkjer du?

Hugs at samla inntekt for hustanden dei 3 siste månadane og sjølvmelding må leggast ved søknaden.

Når kan du vente svar?

Vi behandlar søknader fortløpande og gir snarleg svar.

Kontakt

Tanja Rafteseth
planleggar/folkehelsekoordinator
E-post
Mobil 951 44 389