Kven kan få tenesta?
Opplevingskortet kan tildelast born og unge i alderen 2-18 år i familiar med svak økonomi. Familiar med fleire born i den aktuelle aldersgruppa kan tildelast fleire kort.
I tillegg til økonomiske forhold vil det vere aktuelt å ta omsyn til ulike sosiale faktorar, og tildelinga vil derfor vere ein kombinasjon av økonomiske og sosiale forhold.
Det er ikkje mogeleg til å gi billettar til venner av borna/ungdommane som har kortet.
Kva får du?
Det er NAV som handsamar søknaden. Opplevingskortet vert tildelt i form av årskort, billettar og gåvekort til billettar. Kortet varer for eit kalenderår av gongen. Eksempel på kva opplevingskortet dekkjer (2020):
- Kinoframsyningar og snacksmeny ved Herøy kino
- Valfrie konsert- og kulturframsyningar ved Fosnavåg konserthus
- Sunnmørsbadet
- Aktiv Trening
Kva kostar det?
Tenesta er gratis for den som får den tildelt.
Korleis får du tenesta/korleis søkjer du?
Når kan du vente svar?
Vi behandlar søknaden din så fort som råd.