Bli med på Ti på topp

Retningsliner for tildeling av kulturmidlar

Søkjarane kan vere einskildpersonar, frivillige lag og organisasjonar som driv eller vil starte kulturverksemd i Herøy kommune. Hovudlaget samordnar og søker samla på vegne av alle gruppene der laget er organisert slik.

 

Unnateke frå tilskot er:

  • Lag som primært tek vare på medlemane sine økonomi- og yrkesinteresser
  • Politiske parti og politiske aksjonar
  • Organisasjonar som ikkje er opne for alle
  • Reint kommersielle tiltak

Generelle krav til søkar/søknad

  • Herøy kommune tildeler tilskot berre etter søknad. Skjema ligg på kommunen sine heimesider og alle søknader skal sendast inn elektronisk.
  • Søknader skal innehalde korrekte opplysningar om søkjar og tiltak, samt vedlegg som er etterspurt i søknadsskjemaet. Dersom søknaden er mangelfullt utfylt eller manglar dokumentasjon kan han bli avslått.
  • Lag og organisasjonar som får økonomisk stønad frå Herøy kommune, pliktar på sine arrangement å gje fri entre til følgjeperson ved framvising av Følgjekort.