Personvernombod

Personvernombodets hovudoppgåve er å informere og gi råd om dei forpliktingar verksemda har etter personvernlova til den behandlingsansvarlege eller databehandlaren, samt til dei tilsette som utfører behandlinga av personopplysingar.

Det skal peikast ut personvernombod når behandlinga vert gjort av offentleg mynde eller organ, og skal offentleggjerast og meldast inn til Datatilsynet, jf. GRDP art 37.

Personvernombodet skal:

  • På rett måte og til rett tid involverast av behandlingsansvarleg i alle spørsmål som gjeld personvern, jf. art 38
  • Rapportere til høgste leiarnivå (kommunedirektør), jf. art 38
  • Ha naudsame ressursar til rådvelde, ha tilgang til personopplysningar og behandlingsaktivitetar, jf. art 38 
  • Moglegheiter for å oppretthalde djupnekunnskap, jf. art 38
  • Overhalde teieplikta, jf. art 38

Personvernombod skal ikkje:

  • Ta imot instruksjon i utføringa av oppgåvene, jf. art 38
  • Straffast eller verte sagt opp som fylgje av utføring av rolla som personvernombod, jf. art 38

Ansvar og oppgåver:

  • Vere kontaktperson for innbyggjarane i alle typar personvernspørsmål, jf. art 38
  • Gje råd og rettleiing til behandlingsansvarleg og tilsette om personvern, jf. art 39
  • Gje råd om vurderingar av personvernkonsekvensar og kontrollere gjennomføring av denne, jf. art 39
  • Kontrollere at retningsliner og rutinar innan personvernområdet vert fylgd opp internt og vert haldne, jf. art 39
  • Kontrollere det haldningsskapande arbeidet og revisjon, jf. art 39
  • Samarbeide med Datatilsynet og fungere som kontaktperson for tilsynsmynde, jf. art 39
  • Personvernombodet skal ved utføring av sine oppgåver ta forsvarleg omsyn til risiko i samband med dei ulike behandlingsaktivitetane, med omsyn til art, omfang, føremål og samanhengen behandlinga vert utført i.

Det kjem fram at opplistinga i regelen er eit minstekrav. Det inneber at det vil kunne vere nødvendig for enkelte kommunar å pålegge ombodet ytterlegare oppgåver enn det som vert angitt her. Det må då vurderast kva som vert vurdert som nødvendig, sett i høve den risikoen behandlinga medfører. 

Kontakt

Lene Utseth
konsulent/brann/service/personvernombod
E-post
Mobil 992 10 002